Klassekampen.no
Onsdag 9. august 2017
Barn bør skriva: Ja, men skriv dei rett?
Kven skal seia frå om kva som er rett, om ikkje ekspertane vil det?
Kvalitetsspråk

Finst det språkforskarar som fortel kva som er rett og god norsk? Dei finst, men dominerer ikkje miljøet, for å seia det slik. Folk flest har inntrykk av at det viktige er å beskriva «den reelle ordbruken». Dette heiter deskriptiv lingvistikk. Forskinga skal avdekkja kva folk seier og skriv. Dét må vel avgjera kva som skal reknast for rett? Ein må jo sjå på kva dei skrivande faktisk skriv, før ein uttaler seg om kva folk bør skriva.

Spør du ein lingvist om noko, kan du lita på at ho eller han kjem med ei heil innleiing om søk på A-tekst, så og så mange belegg for det, så og så mange døme på det. Ein driv då vitskap! Sjeldan vågar dei å gå rett på: dette er rett, det der er gale, punktum. Kva ville forskingskollegaer seia om slikt?

Normativ lingvistikk, der språkkunnige set opp klare reglar for kva som er rett og godt, er meir marginalisert. Ja, det spørst om ikkje uttrykket «i vanry» er dekkjande. Den språkleg normative peikefingeren høyrer fortida til.

Men kven skal ta rolla og seia frå om kva som er rett – og å gjera nettopp dét, så tydeleg og klart som mogeleg – om ikkje spesialistane i språk tek den rolla? Det er lite truleg me er i stand til å bevega oss i retning av eit språkleg kvalitetssamfunn dersom dei som skal vera fagfolk i språk, er unnvikande og vage om kva for reglar som gjeld. Trur dei verkeleg me får kvalitetsspråk ved å stadig referera til A-tekst? Rett nok er språk og språkbruk eit ganske spesielt fag i den forstand at «alle kan» det. Men det får vera grenser. I kva andre fag møter me fagfolk som vik unna for å seia kva som er norm og rett praksis?

Søk på A-tekst dokumenterer at skrivande flest ikkje meistrar skilnaden mellom sin og hennar/hans eller rett bruk av og når. Og at dei oftast skriv de mistet livene i staden for de mistet livet.

A-tekst skal jo ikkje bestemma. I røynda er ikkje dette komplisert: Så lenge det ikkje er gjort vedtak om endring i reglane, gjeld reglane. Det er som med Stortinget og lovene; dei gjeld inntil anna er bestemt.

Alt botnar nok i at det er problematisk for språkvitarane å seia at noko er dårleg eller gale. Dei likar betre å snakka om sjangrar og situasjonar. «Det er viktig at dei unge skriv mykje og ofte». At det er noko som heiter kvalitet, og at det må vera eit mål å ha dét, er eit syn som møter daue auge hos mange lingvistar.

Eg spør: Finst det ein møbelsnekkar som ikkje meiner det er viktig å skilja mellom god og dårleg kvalitet i møbelfaget? Finst det ein atomfysikar som hevdar at det ikkje finst klare kriterium for kva som er god praksis i faget? Eller ein psykiater i psykiatrien? Men i vurdering av språkbruk skal det altså ikkje vera stovereint å handheva klare reglar (så langt det er mogeleg)?

Ordet kvalitet kjem frå latin qualitas, eit ord som tyder «eigenskap». Opp gjennom hundreåra har ordet fått som implisitt meining at det er snakk om verdifulle, gunstige, vakre, høgverdige eigenskapar.

Slik bruker me ordet i dag. Og det er slik me skal bruka det.

sylfest.lomheim@gmail.com

Sylfest Lomheim skriv om språk i Klassekampen kvar onsdag.

«Sjeldan vågar dei å gå rett på: dette er rett, dette er gale»

Onsdag 13. september 2017
Hemnroman og hjorthejakt står no på lista over årets ord. Roman gjer det ikkje. Som omgrep...
Onsdag 6. september 2017
Kim og Trump og Listhaug har overraska litt (ikkje mykje!) siste månaden med sine verbalitetar. Men samstundes skal me hugsa på at dei står solid planta midt i ein såkalla trend som har gått føre seg tre-fire...
Onsdag 30. august 2017
Pissa og tissa – er det skilnad på dei to? Dette var oppe før i år både hos Linda Eide og i Språkteigen. Svaret...
Onsdag 23. august 2017
«You do not punch your weight», sa ein gong USAs president til nordiske statsleiarar. «De boksar ikkje i den vektklassa de høyrer heime». Fakta fortel at Norden, med 26 millionar, er verdas tolvte største økonomi, godt...
Onsdag 9. august 2017
Finst det språkforskarar som fortel kva som er rett og god norsk? Dei finst, men dominerer ikkje miljøet, for å seia det slik. Folk flest har inntrykk av at det viktige er å beskriva «den reelle ordbruken». Dette...
Onsdag 9. august 2017
Finst det språkforskarar som fortel kva som er rett og god norsk? Dei finst, men dominerer ikkje miljøet, for å seia det slik. Folk flest har inntrykk av at det viktige er å beskriva «den reelle ordbruken». Dette...
Onsdag 2. august 2017
Fire dagar sidan var det olavsøka. Ingen stad er olsok så stort som på Færøyane. Det er deira nasjonaldag. Og ingen stad i verda feirar dei nasjonaldagen på dét viset – feiringa skjer berre i hovudstaden, ikkje på dei...
Onsdag 26. juli 2017
Reversering er, og blir, eit nøkkelord i valkampen. Ingen trur noko anna. På godt norsk kunne og ville me seia gå tilbake, snu. Det motsette av å reversera er å

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk