Klassekampen.no
Tirsdag 8. august 2017
Maskert elektronika

tilsløring

Joanna Hvalen kommenterer min freistnad på å opna det lukka kretsløpet i kunstsjangeren elektronika laurdag 5. august. I Sidesleng 31. juli drøfta eg korleis Alan Walkers maskering med hette og ansiktsslør, imagemarkørar, kunne tolkast i samtidsbildet og religionshistorisk.

Utgangspunktet for utspelet var plakaten med DJ-en i profil i regi av Hydro i høve gratiskonserten med Walker under opninga av Karmøy Teknologipilot ved statsminister Erna Solberg 24. august.

Den visuelle likskapen med nikab er slåande, eg tenkte: Er dette ein statement for islam?

Eg fann dette eit godt høve til å trekkja elektronikasjangeren inn i eit felles og effentleg rom for artikulasjon, refleksjon og kritikk. Sjangeren har eit paradoksalt kretsløp frå guterom for produksjon og til gutte/jenterom for resepsjon med nedlastingar frå Youtube via ein teknologi som er global. Når elektronika når publikum via konsertar, er det kvantitet som tel, millionar klikk. Då kjem arrangørane på banen. Som i dette tilfelle: Hydro.

Kretsløpet kjennest intimt, som når Joanna Hvalen skriv at maskering «gjør alle mennesker like ... Vi er på bølgelengde med alle dem som respekterer hvert individs rett til å uttrykke seg på sin måte. Du gjør tydeligvis ikkje det».

Når Walker i promosjon viser ryggen, korrigerer Hvalen mine ulike tolkingar med at det «viser hans sårbarhet for kritikk og tillit til at den blir besvart med aksept».

Det er dette innanforskapet eg vil kasta lys over, utan å gjera det til utanforskap: Velkommen inn i debatten om elektronikakunst og ytringsfridom, også når det gjeld remix, sampling og opphavsrettar!

Så er eg faktisk ikkje for at kvart individ skal få uttrykkja seg fritt – utan motstand og kritisk avstand, korkje i kunst eller i kommentarfelta. Ukritisk aksept er ikkje det beste. Det er farleg. Difor skreiv George Orwell «1984» alt i 1949, ei åtvaring om ei muleg einsretting i teknologisk styrte statar.

Det er treffande at Hvalen i bånnlinja sidestiller meg med Orwell og lite treffande at ho gjer meg til søstera til Big Brother. Eg har sjølv gitt ut ein frittståande remix av «1984» i tovegsboka «Kyka/1984» i 1984, om knivseggen mellom utanforskap og innanforskap.

karinmoe1@gmail.com

Artikkelen er oppdatert: 9. august 2017 kl. 11.19

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk