Klassekampen.no
Mandag 7. august 2017
Påkalla gud i Israel: Michele Bachmann.
Bønnefrukosten i Jerusalem var forunderleg.
Frukost med bønn

Ingen refererer kva ho sa då ho bad. Men alle i ulike media skildrar det som forunderleg. Bønnefrukosten i Grand Waldorf Hotel i Jerusalem i juni i år var den første i regi av Israels president, Reuven Rivlin, og Knesset Christian Allies Caucus. Bønnefrukosten inngjekk i ei større feiring av 50-årsjubileet for gjenforeininga av byen.

Pastor Malcolm Hedding var òg der, tidlegare leiar av Den internasjonale kristne ambassade i Jerusalem (ICEJ) og no pastor i World Outreach Church i USA. Den tidlegare anti-apartheid aktivisten frå Sør-Afrika var hovudtalar og melde på ICEJs sommarstemne i Kristiansand at denne Guds-kvinnas bønn var forunderleg. Kven var ho som bad ned Guds sterke nærvær over statsmenn, politikarar, ordførarar og 500 kristne leiarar frå 58 land? Det var Michele Bachmann, tidlegare presidentkandidat i USA.

Malcolm Hedding hadde ikkje venta seg ei åndeleg oppleving, han hadde vore i «gamet» lenge, høyrt appellar og talar ørten gonger ved slike høve, men betalte gladeleg 150 dollar, for det var maten verd.

Men så skulle det visa seg at denne bønnekvinna nedkalte denne særeige stilla over forsamlinga. Difor lèt halleluja! halleluja! i Jesu namn, høgt. Og ingen blei foruretta. Ikkje turistministeren. Ikkje leiaren av Knesset. Den eine etter den andre sto opp og bad i den åndsfylte atmosfæren. Hedding måtte medgi, som han gjorde på ICEJ-stemnet i Norge: «Bønnefrokosten i Jerusalem vil jeg aldri glemme. Jeg har sjelden følt en slik bønnens ånd som der. Noe vil skje.» (Et Ord fra Jerusalem nr. 7/2017)

Då eg slang med på Maran Atas profetiske tematur til Israel i 1999, var det vel 2000 messianske jødar i landet. Møta kunne vera hemmelege eller arrangerte ute i det fri. Erez Soref, leiar for Israel College of the Bible i Natania, fortalde på det årlege stemnet til Ordet og Israel i 2016 at då staten Israel blei oppretta i 1948, var det berre to kristne familiar i landet. Dei som ville bringa ut evangeliet blei møtte med avsky og motstand.

I Israel blir enno Jesus omtalt som «den mannen», og det er ikkje positivt meint. I judeo-europeisk historie og særskilt etter Holocaust blei forfølginga av jødar sett på som eit kristent fenomen. Det kan framleis vera uråd å få kjøpt eit nytestamente i israelske bokhandlar. Det er framleis statsstøtte til såkalla anti-misjons organisasjonar i landet, men mykje har endra seg dei siste 20 åra.

Før var det «dei mot oss», no er det «oss og oss», påstod Soref. Og «oss» inkluderer arabiske kristne, som i baptistkyrkja i Betlehem. I 2016 er det om lag 20.000 messianske jødar i landet og 200 kyrkjelydar. (Ordet og Israel nr. 4 /2016)

Det forunderlege som hende under bønnefrukosten i Jerusalem er likevel forvitneleg.

Mine mediekjelder opplyser at bønna til Michelle Bachmann tok 17 minuttar. Ingen refererer noko av innhaldet, anna enn at ho påkalla Gud. Finst nokon der ute blant Klassekampens lesarar som kan ha fått med seg kva ho verkeleg sa? Ver gild og del det forunderlege bodskapet.

karinmoe1@gmail.com

Forfattar og litteraturkritikar Karin Moe kommenterer aktuelle saker frå sidelinja kvar måndag.

«Jesus omtalast som ‘den mannen’ og det er ikkje positivt meint»

Artikkelen er oppdatert: 8. august 2017 kl. 16.36

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk