Klassekampen.no
Lørdag 5. august 2017
8illustrasjon: Knut Løvås, knutlvas@gmail.com
Verda er i ulage, og nazistar marsjerer i gatene.
Det er ikkje sikkert at fridom og demokrati er vunne ein gong for alle

Olsokkvelden, det vil seia laurdag for ei veke sidan, kom eg inn på eit hotellrom i Trondheim, der eg skrudde på tv-apparatet og trudde eg hadde slått på ein film:

Eit femtitals menn frå «Den nordiske motstandsbevegelsen» marsjerte i Kristiansands gater under faner med nynazistiske symbol, og med parolar mot masseinnvandringa og mot homo-lobbyen.

Politimeisteren i byen gjorde ikkje noko forsøk på å stanse markeringa og har seinare forsvart handlemåten sin ut frå ei politifagleg vurdering, som han sa. I skrivande stund er det uklart om det vil koma ein reaksjon frå påtalemakta, som ein gong for alle slår fast at dette vil vi ikkje finne oss i, eller om ein faktisk har tenkt å la denne provokasjonen passere.

Mitt ærend er å setta denne provokasjonen inn i eit samfunns- og samtidsperspektiv.

Denne provokasjonen kom no fordi det er no det skjer. Europa står overfor den verste flyktningkrisa vi har opplevd i nyare tid. Kampen mot diskriminering på grunn av seksuell legning har hatt framgang i mange land, i og utanfor Europa. Så koplar ein desse to tinga saman og presenterer parolar som alltid har ført til trakassering og valdsbruk og sett grupper opp mot kvarandre.

For sytti år sidan var svaret innlysande, og det gjaldt dei fleste land i Europa: Demokratiske rettar kan ikkje omfatte dei som spreier hatefull propaganda mot folk på grunn av hudfarge, religion eller seksuell legning. Da hadde ideologien som førte Hitler-regimet til makta ført til utrydding av fire millionar jødar, 20.000 sigøynarar og titusenvis av evneveike og homofile.

Somme vil avdramatisere det heile ved å karakterisere Den nordiske motstandsbevegelsen som politiske skrullingar det ikkje er grunn til å ta på alvor. Det er også svært uklart om helgenkongen Olav Haraldsson og hans minnedag blir brukt av desse folka fordi han var ein brutal viking, eller fordi han var mannen som la til rette for kristendommens siger i landet vårt.

Olavs kristenrett frå Moster, som ligg til grunn for dei gamle lovene våre, inneheld mange humane idear, blant anna at trælar skulle sleppast fri kvart år og at det var forbode å setta barn ut i skogen. Her byrjar det som grunnlova kallar vår kristne og humanistiske arv.

Eg trur biskopen i Borg har rett når han seier at høgreekstremistane vil skaffe seg ei breiare politisk plattform ved å smykke seg med Olavs-arven. Ein norsk sommardag, olsokdagen, blir politiske standpunkt som verda for sytti år sidan var samde om å bannlyse, markert i gatene.

Dei er ikkje mange enno, men vi lever i urolege tider. Det ekstreme høgre har rett nok lidd sviande nederlag i val i ei rekke europeiske land, men dei har sine nettverk og openberrar sine politiske ambisjonar. Dei fiskar i rørt vatn fordi Europa er utsett for ei folkevandring som vi ikkje har sett maken til. Den europeiske unionen og dei assosierte landa, blant dei Norge, avviser å koma Italia til unnsetning og avlaste landet for ein situasjon dei ikkje taklar aleine.

Dei store partia i vårt land, på høgre- og venstre side, snur ryggen til realitetane og seier vi må konsentrere oss om å integrere dei som alt er komne hit. Men situasjonen er ekstraordinær. Dersom dei europeiske leiarane ikkje er i stand til å handle, kan ropet om den sterke mann finne gjenklang på nytt, for eksempel i eit Italia der statsfinansane råkar i uføre fordi dei europeiske landa, og Norge blant dei, ikkje stiller seg solidariske.

Vi som har levd heile livet i ein lykkeleg europeisk fred, innser noko vi før har ant, men aldri har forstått så tydeleg som no: Det er ikkje sikkert at fridom, ytringsfridom, demokrati og velferd er politiske gode som er vunne ein gong for alle.

Derfor bør vi også innsjå også mangelen på politisk handlekraft hos det som blir kalla venstresida. Tilsynelatande greier ingen der å formulere ein handlingsplan som kan vinne brei politisk tilslutning i folket. Tvert imot: Dei spenner beina unna kvarandre.

Visse opplagde ting er det heller ikkje tillatne å seia høgt blant dei som reknar seg som både rettferdige og gode. For eksempel dette: Fordi om vi er forplikta til å gi vern til dei som treng krav på vern, inneber ikkje det at vi skal sjå på all innvandring som ein fordel. Verda blir ikkje ein betre stad fordi ein million afrikanarar flyktar over Middelhavet i gummibåtar. Med dei utfordringane landa der står overfor no, bør ein prøve å stanse arbeidsinnvandringa til ein har kontroll over situasjonen. Norge må stille mannskap og ressursar til disposisjon, så ein kan korte ventetida i leirane og skilja mellom dei som har rett på vern og dei som ikkje har det.

Vi må få fram politikarar som vil bygge breie alliansar mot mørkekreftene, mot homofobien og framandhatet. Vi må støtte dei som vil kjempe for at Norge framleis skal vera eit land med likskap og likestilling.

Men viktigast av alt: Når verda er i ulage, er det viktig å lytte, og til å bygge bruer, mellom alle menneske av god vilje, same kva parti dei tilhøyrer. Vi må stanse dei som trampar på olsokdagen for å fremma ekstreme politiske mål. Vi må få fram politikarar som ser at historia ikkje er slutt, men tvert imot kan koma til å gjenta seg.

Artikkelen er oppdatert: 15. august 2017 kl. 15.43

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk