Klassekampen.no
Onsdag 2. august 2017
Skip O’hoi!

Ja vel, kjære lesar, då har vi mønstra på MK «Erkna», Klassekampen sin sommarbåt dei neste to vekene. Mange frå avisa skal vere med båten på kortare strekk, medan eg og kollega Truls skal vere med nedover langs heile kysten.

Så nå sit eg her i Kristiansund og skriv dette første reisebrevet til lyden av måkeskrik og motordur. Som sunnmøring er det godt å kjenne lukta av sjø og vinden i håret, men det er ikkje utan ein viss ambivalens eg gir meg ut på denne reisa.

I oppveksten ville alle gutane «ut på sjø». Underteikna drøymde ikkje om anna enn eit urbant byliv, langt borte frå fjøresteinen. Men slik er skjebnens ironi: Det måtte ein avisjobb i Oslo til for at eg også skulle kome meg på sjø.

Det blir ein heidundrande seglas, eit havsens eventyr. Vi skal treffe mykje folk og lage ståhei alle stader vi legg til. Vi skal til vakre vestlandsbyar som Ålesund og Bergen, og småstader som Odda og Valevåg i Sunnhordland. Det skal bli fint å drikke morgonkaffien medan sola står opp og vi seglar inn mot ei ny hamn.

Det blir for kjekt og travelt til at ein får kjent på lengten heim til ei toromsleiligheit på Tøyen. Men som sunnmøring veit eg trass alt ein ting eller to om sjøen. Den hardaste lærdomen er denne: Havet kan gjere deg sjuk. Og har du først fått sjøverk, er det ingen kjære mor.

Før i tida var visstnok sjøsjukemedisin noko ein skulle ha med seg i skapet i byssa, men for all del ikkje bruke. Sjøsjuke fekk ein tole, og nokre hardbarka sjeler tolte det eit heilt liv.

Ekte sjøfolk kan få halde på både overtru og tradisjonar for min del. Denne landkrabben her har allereie svelgt ned første tablett med morgonkaffien. Det får stå si prøve.

marias@klassekampen.no

Artikkelen er oppdatert: 14. august 2017 kl. 13.15

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk