Klassekampen.no
Onsdag 2. august 2017
Færing: Kjem helst frå Noreg.
Mange nordmenn trur islandsk og færøysk er like språk. Der tek dei feil.
Olav og øyer

Fire dagar sidan var det olavsøka. Ingen stad er olsok så stort som på Færøyane. Det er deira nasjonaldag. Og ingen stad i verda feirar dei nasjonaldagen på dét viset – feiringa skjer berre i hovudstaden, ikkje på dei andre øyane. Frå alle øyar og frå stader i Skandinavia og elles i verda kjem det folk. Tórshavn har rundt 20.000 menneske til vanleg, men olsokafta og olsokdag er det om lag 50.000 menneske i byen. Ikkje ei seng å oppdriva. Forresten uroar det lite, folk søv ikkje den natta likevel. Dei er ute i byen.

Men – det var språk. Olavsøka må delast i to, slik: olavs-øka (som ols-ok, på norsk). Basis er Olav den heilage og verbet vaka. Det heitte ein gong olavs-voke, ei voke er jo å vaka. (Me har val-vaker om ein månad!) Hos oss har det vore tradisjon å feira olsok med vokeld.

Ø-en i olavsøka er typisk færøysk; me finn han att på skilt der det står dekksøla og heilsøla. Det har lite med søle (skit) å gjera, det er vårt sal. Skilta forkynner dekksal og heilsal. Det siste dreiar seg om ein grossist, ein som ikkje sel i smått (detaljist). Adjektivet gros på fransk tyder stor, svær.

Då er me midt i orddyrkinga som er så typisk for islandsk og færøysk. Og der tek mange nordmenn feil; dei trur dei to språka er like. Det er dei ikkje. Minibank på islandsk er hradbanki, på færøysk sjálvtøka. Hrad er radig, snøgg, altså ein kjappbank. Det færøyske tyder sjølvtaking – ein tek ut pengar sjølv. Vårt pc (personal computer) er telda på færøysk, tølva på islandsk. Telda kjem frå telja, pc-en er meister i å ordna data. Tølva spelar på to ord, telja og volva – det siste eit norrønt ord for spåkone, jf. det kjende diktet Voluspå.

I det moderne vokabularet går dei to språka ofte ulike vegar. I tillegg er både grammatikk og lydverk til dels ulike. Midt i Havn kan ein sjå det stå med store blå bokstavar: Realurin. Ordet tyder fast eigedom (jf. real estate), -urin er berre ei bøyingsending. På Færøyane følgjer dei vår namneskikk (førenamn pluss etternamn), på Island er systemet førenamn pluss -dottir eller -son. Difor er den islandske telefonkatalogen sett opp ut frå førenamn.

Slutning: Færøyingar og islendingar har vanskeleg for å forstå kvarandre utan opplæring.

I fjor protesterte eit par norske fagfolk på at eg skreiv her i spalta om kyssemørkt, kyssimyrkt. Det var ikkje færøysk ord, meinte dei. Difor kjem eg med det ein gong til. Ikkje minst under olavsøka er ordet aktuelt; då har det vorte såpass mørkt at ein kan kyssa utan å vekkja merksemd. Dét har steinhoggar Ole Nielsen lova å stadfesta på onstone@olivant.fo eller på telefon 298 22 08 88. Far hans, Johan Nielsen, sat tjue år i Folketinget i København, berre så det er sagt.

Forresten heiter det ikkje lenger færing på norsk, med mindre det er tale om båt med fire årar. No er det færøyingar som gjeld, om dei folka som likar så godt grindkval. Ein nordmann er fødd med ski på beina, ein færøying er fødd med årar i hendene. Seier dei. Så ler dei og tek ei tviflis; ordet sandwich duger ikkje!

sylfest.lomheim@gmail.com

Sylfest Lomheim skriv om språk i Klassekampen kvar onsdag.

«Midt i Havn står det med store blå bokstavar: ‘Realurin’»

Artikkelen er oppdatert: 14. august 2017 kl. 13.19

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk