Klassekampen.no
Mandag 31. juli 2017
Dyrbar vare: Menn som nekta å ta imot maskulinitetens privilegium, vart straffa. Kvinner som prøvde å tileigne seg den, vart destruerte, skriv Stephen Walton. Foto: Frå Derek Jarmans film «Caravaggio», med i «Queerama»
Når ein manglar kategori å høyre til i, kan ein ikkje gjere seg forståeleg.
Queerama

Det finst ei lang rekkje land i Afrika, Karibia og Sør-Stillehavet der mannleg homoseksualitet er forboden i straffelova, mens kvinneleg homoseksualitet ikkje er det. Dette gjeld store land som Nigeria og Kenya, og øystatar som St Kitts og Nevis og Grenada, i tillegg til Pakistan. Det desse landa har felles, er at dei var britiske koloniar, og at dei på eit eller anna tidspunkt i kolonitida innførte ein versjon av den engelske Offences Against the Person Act frå 1861.

Lova frå 1861 var ei stor samlelov, og i utgangspunktet liberaliserande på den måten at dødsstraffa for det vi no ville kalle homoseksualitet vart avskaffa. Men kva det som vart straffa? Svaret er «buggery». I engelsk vart bruken av ordet avgrensa til analt samleie mellom menn, og det er derfor lesbene slapp unna i 1861.

At livet likevel ikkje var nokon dans på roser for lesbene, er det ikkje tvil om, og iallfall ikkje for dei som ikkje var økonomisk uavhengige. I desse dagar er ein ny dokumentar blitt lansert, «Queerama» regissert av Daisy Asquith. Queerama er ein kollasje med klipp frå arkivet til British Film Institute der nokså nøyaktig halvparten av stoffet for ein gongs skuld faktisk handlar om kvinner. Det gjer inntrykk å høyre desse modige menneska frå femti- og sekstitalet fortelje om livet sitt. Alvorstyngde menn intervjua homoar og lesber som måtte snakke med ryggen mot kameraet, livredde for å bli avslørte. Éin av dei, som truleg meinte det godt, spør ein lesbisk lærar mest litt oppgitt: But what do lesbians actually do?, ein replikk som er blitt viral på nettet og i den engelske homokulturen.

Den mest gripande historia er den til intervjuobjektet Steve. Steve var tjuefire år da han vart intervjua. Vi møter han først når han leier kjærasten sin langs ein kanal i London. Dei får tilrop og trakassering på grunn av utsjånaden hans, seier forteljarstemma.

Steve forelska seg i ei jente da han var seksten. Jenta trudde at ho var gravid, og mora hennar insisterte på at dei skulle gifte seg. Dermed måtte dei trulove seg. Her er det vel ikkje noko særleg å reagere på så langt, bortsett frå den låge alderen til det tilkomande paret. Men dette var ikkje noko vanleg par. Jenta var seksuelt urøynd, sikkert fullstendig kunnskapslaus, og skjønte ikkje kva det var ho vart penetrert med. Det var iallfall ikkje penisen til Steve, fordi han hadde ikkje noko slikt. Steve var så glad da han var saman med jenta at han reint gløymde at han ikkje var mann. Jenta skjønte det ikkje heller. Men han skjønte at dei aldri ville kunne gifte seg, og måtte trekkje seg frå bryllaupsplanane. Mora til jenta sakssøkte han for brot på eksteskapslovnad, og da kom det heile fram i retten. Han hamna i fengsel.

Steve er ifølgje lova ei jente sjølv om han kled seg som gut, kjenner seg som gut, og har maskulin stemmeleie og talerytme. Både han og intervjuaren omtalar han som lesbe, og han blir nøydd til å svare, nølande, på spørsmål om lesbesex. Kategorien transgenus fanst ikkje, transseksuelle fanst knappast, og dei var da helst menn som var blitt til anatomiske kvinner. Og når Steve ikkje har nokon kategori å høyre til i, har han heller ikkje nokon måte å gjere seg sjølv forståeleg på, korkje for seg sjølv eller for dei andre. Dermed har han fortvila allereie i tjuefireårsalderen, og ser ikkje korleis han nokon gong kan bli lykkeleg. Han får ikkje gifte seg med kjærasten, og ser inga framtid for seg sjølv.

Filmregissøren Daisy Asquith sa på lanseringa at det var denne historia av alle som gjorde mest inntrykk på ho, og det var vi samde i, vi som sat og høyrde på. Ho hadde prøvd å spore opp Steve, men sporet var kaldt. Lat oss håpe at Steve no er blitt rundt åtti år, og har hatt eit godt liv. Men det ville i så fall vere eit mirakel.

Maskuliniteten har vore ein dyrbar vare. Menn som nekta å ta imot maskulinitetens privilegium, eller kunne ikkje, vart straffa og latterleggjorde. Kvinner som prøvde å tileigne seg maskuliniteten, vart oversedde. Viss dei likevel prøvde å leve ut maskuliniteten sin, vart dei destruerte sosialt, med eller utan lova.

Filmen til Daisy Asquith blir snart lagd ut på nettet, og ho seier at det vil vere råd gå inn i arkivet og hente ut dei kjeldene som ho har klippa saman. Sjå på queerama.co.uk. Her er mykje spennande stoff!

stephen.j.walton@usn.no

Feministene Bodil Stenseth, Wencke Mühleisen, Asta Beate Håland, Stephen Walton og Hedda Lingaas Fossum skriver i Klassekampen mandager.

Artikkelen er oppdatert: 14. august 2017 kl. 12.56

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk