Klassekampen.no
Mandag 31. juli 2017
Er norsk elektronika under påverknad av islam?
DJ med nikab

Konserten med Alan Walker (19) regna vekk på Tysnes. Men no er han venta til Kopervik, og truleg vil han også her skjula ansiktet. Skal eg dit og oppleva møtet mellom maskert remiksar og nakne ansikt i massedansen? Det var den nikabliknande tildekkinga av hovud og ansikt eg merkte meg først, på foto av Walker på scena: Er norsk elektronika under påverknad av islam?

I eit intervju med NRK kallar Walker ansiktstørkledet for maske. Den inngår i imaget, saman med hettegensaren. Slik ikler han seg den anonymitet ein kan ha på nettet. Det er ein nerd-markør. Dette rimer med eige oppkome som norsk dance komponist og produsent: Frå guterommet via millionar lyarar på YouTube, frå og med starhit «Faded» i 2014. I sommar har Walker 30 jobbar internasjonalt. No òg på Karmøy, kjend for metal og Karmøygeddon.

Det eg lurer på er om førhistoriske teikn, gester og presentasjonsformer, som munkehette og Moses sitt ansiktsklede, kan interagera med dagens masker, nikab medrekna. Det er min påstand at fortidige symbolovringar kan vera overhengande og verksame i dag. Kulturelle og rituelle ovringar ligg og vibbar mellom konsept og materialisert praksis og røyndom. Dei nappar, får dei meining?

Til forskjell frå legandariske pionerar i rave og house-bølgene frå Tromsø og Bergen, så som Erot (Tore Andreas Kroknes) frå Fana, har Alan Walker halde på namnet sitt. Førebokstavane lagar ein sterk logo. Det kan vera grunnen. I sjangeren kan identitet ved eige namn nesten be om maskering, dersom anomynitet er idealet. Og med det, samansmeltinga mellom anonym samplar/fellesremiksar og anonyme dansarar bølgande på klubbhavet: We are one sound.

Alan Walker har lagt på nok ein markør for anonymitet. Han viser ryggen i photoshoots og promosjon. Her er han på farleg grunn. Og då tenkjer eg ikkje på gesten som avvising. Gudsmannen Moses fekk først ikkje sjå Herrens ansikt. Gud viste seg for han med ryggen til. For den som ser Guds ansikt må døy. Det skein av Mose ansikt etter møte med Gud. Difor anla han slør; folka var redde han. Og difor skjulte gamaltestamentets Gud seg i skya eller eldsøyla. La Guds åsyn lysa over oss, kom, men hald avstand! Slik lyder Arons velsigning. Er her ein kristen walkover? Kan maska til ypparstepresten med munkehette i lyskasta frå scena spela på kollektivt umedvitne, genetisk lagra minne?

Sjangeren har få språka tekstar. Titlane til pionerane var sære: Folka rava til låta «Jeg vil være en søppelmann» (Bjørn Torske).

Ansiktssløret er meir klart politisk brennbart i annan religiøs retning, for den liknar IS-krigarane sitt svarte tørkle. Unggutens spinkle skapnad får eit gys av makt over publikum som underkastar seg hans moves på tastatur og tangentar. Den maskerte har makta. Likestilt anonymitet er ein illusjon. Spelet på nikab og kontrollen med det kvinnelege kaos hos tildekt DJ balanserer eller potenserer imaget?

Kan dette høyrast? Det lagar seg til at gamlemor må på rave i Kopervik for å finna ut av dette i praksis.

Forfattar og litteraturkritikar Karin Moe kommenterer aktuelle saker frå sidelinja kvar måndag.

«Fortidige symbolovringar kan vera verksame i dag»

Artikkelen er oppdatert: 14. august 2017 kl. 12.56

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk