Klassekampen.no
Lørdag 29. juli 2017
Ingen brydde seg om kva seng Ingegjerd hadde sove i.
Kongeofferet

I dag er det olsok, Olavs-vaka, ei tusen år gamal minnehøgtid for at kristningskongen Olav digre fall i slaget på Stiklestad. Ved dette høvet blir det kvart år framført eit sogespel der ei hjelpelaus ung kvinne ligg dekorativt knust på grasbakken i samsvar med moderne estetikk. Men i vikingtida var smaken annleis, og i dei gamle sogene held kvinnene seg på føtene mens mennene går på trynet.

Å vera konge var både ærefullt og livsfarleg. I den aller eldste fortida hende det at kongen blei ofra til gudane dersom vêret hadde vore dårleg litt for lenge. Dessutan gav det meir ære å overmanna og drepa kongar enn å setja vanlege menn ut or spel. Då svenskekongen ein føremiddag tidleg på tusentalet kom heim frå jakt og fortalde dottera Ingegjerd at han fått fem orrar, svara ho at det var ingenting mot Olav digre, som hadde fanga fem kongar og teke frå dei riket deira på ein og same morgon.

Ingegjerd hadde forelska seg i norskekongen Olav digre berre gjennom det ho hadde høyrt om han. For moderne lesarar verkar det urimeleg at ei jente som elles var både ansvarleg og fornuftig, kunne få heite kjensler for ein som torturerte folk for å få dei til å bli kristne. Og det utan å ha sett han med eigne auge, utan å ha vore personleg eksponert for den karismatiske utstrålinga hans.

Like fullt arrangerte Ingegjerd eit storstilt kjærleiksmøte på ein av eigedomane sine i grensetraktene mellom Noreg og Sverige. Der lét ho seg festa til Olav digre ved hjelp av ein god ven som låst som han opptrådde på vegner av far hennar, endå alle visste at svenskekongen var svært imot dette ekteskapet.

Men folket i begge land var for. Alle var trøytte av kriginga til dei to kongane, og giftarmål på høgaste nivå var den einaste nokolunde effektive måten å skapa fred på. Svenskekongen fekk opinionen mot seg, og på eit stort folkemøte blei han åtvara om at i gamle dagar hadde dei kasta fem kongar ned i ein brønn fordi dei var for sjølvrådige.

Det einaste svenskekongen no kunne gjera, var å trekkja ut tida i von om å trøytta dottera ut. Det gjekk til gjengjeld ganske greitt, for forelskinga i Olav digre var trass i alt berre eit overflatisk svermeri. Snart var han skifta ut med den langt mektigare kongen aust i Gardariket, eit land der det var tradisjon at konge og dronning delte makta mellom seg, og dronninga hadde like store skatteinntekter og like stor hird som kongen.

Vikingtida hadde ikkje noko begrep om klinisk jomfrudom, så ingen brydde seg om kva seng Ingegjerd hadde sove i den helga ho var saman med Olav digre. Derimot var der strenge reglar for mennene, og svenskekongen skulda offentleg Olav digre for å vera ein udanna barbar som ikkje spelte etter reglane og hadde gjort dotter hans til frille.

I staden fekk Olav digre halvsøster hennar, som var fødd utanfor ekteskap og vand med å vera nummer to. Begge tok det med fatning. Nokon må alltid ofra seg.

s.skjold@online.no

Ikkje søtt, ikkje surt, ikkje bittert – men salt. Solveig Aareskjold skriv om det ho sjølv vil i Klassekampen kvar laurdag.

«Forelskinga i Olav digre var trass i alt berre eit svermeri»

Artikkelen er oppdatert: 24. august 2017 kl. 11.16

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk