Klassekampen.no
Onsdag 26. juli 2017
Litt av ingenting: Piknik. Måleri: James Tissot (1836–1902)
Ein sommarleg, språkleg piknik.
Ord i det grøne

Reversering er, og blir, eit nøkkelord i valkampen. Ingen trur noko anna. På godt norsk kunne og ville me seia gå tilbake, snu. Det motsette av å reversera er å avansera, som då er å gå framover.

Det må vera lov for denne spalta å blanda seg inn i valkampen ved å peika på følgjande: Kven ville vera så ufornuftig og ansvarslaus, når ein skal velja framkomstmiddel, å satsa på noko som ikkje er i stand til å gå bakover, berre framover? Så eg seier: Gode høgreside, finn på eit anna ord. For de tek feil. Reversering er ikkje per se noko skjellsord, det er ein kvalitet og ein naudsynleg eigenskap som må vera der, tilgjengeleg, i all trygg ferdsel og framferd.

Eit anna sommarord er piknik. Hadde me ikkje fått ordet frå fransk, burde me, etter norske reglar for sambandet mellom tale og skrift, ha skrive pikknikk. Det har sine grunnar at me altså ikkje gjer dét. Ordbøkene våre opplyser, som dei skal, at det er fransk. Men legg så til: «usikkert opphav».

Franske ordbøker er langt meir sikre i sin sak. Første delen i ordet er verbet piquer, som tyder «plukka». Om du trur at det då er same ordet som pick i engelsk, trur du rett. (Biltypen pickup blir, som me veit, nytta til å plukka opp ymse varer.) Så pique- er lite mystisk. Den andre delen blir då nique, eit ord som er i slekt med det latinske verbet negare («nekta») og våre meir kjende negasjon og niks. Då forstår me òg at dette måltidsordet for noko fritt og ferieaktig reint bokstavleg ikkje har noko med tur i det grøne å gjera. Uttrykket tyder eigentleg at ein plukkar til seg mat «som ikkje er noko», altså smårettar.

Det franske piquer og det engelske pick liknar forbløffande på vårt heimlege pikk (penis). Er det noko samband her? Dét vil eg vera varsam med å påstå. Men det som er sikkert, er at pikk er det same som pigg; noko som stikk ut eller opp – som eit spyd. (Fangstreiskapen hakapik inneheld same ordet.) Det som òg er sikkert, er at avstanden kan vera kort frå å stikka til å plukka. Så kven veit?

Me kan kanskje stikka med negler? Me brukar dei iallfall til å plukka småting og rusk med. Ein lys sommarkveld fekk eg rapport om at negler hadde ført til diskusjon. Om uttalen. Uvissa om korleis me uttaler dette ordet, er nok meir utbreidd aust i landet enn i vest. For det første: Skal dei som til dømes ønskjer å snakka normert bokmål i NRK, uttala g-en eller ikkje, seia neiler eller negler? Svaret er at begge uttalemåtar (med eller utan g) må reknast for korrekte.

Men diskusjonen stansa ikkje der. Korleis er det med sjølve tonegangen når me uttaler negler? Det som på fint – hos språkfolk – heiter tonem ein eller to. Tanken (i bilen) har tonem ein; tanken (i hovudet) har tonem to. Eit anna klassisk døme, i austnorsk tale, er bønner og bønder. Så kva med negler? Svaret må blir tonem ein; slik at negler bør ha same uttaletone som bøker.

Dette var litt sommarleg, språkleg piknik.

Pass opp for brusmisbruk.

sylfest.lomheim@gmail.com

Sylfest Lomheim skriv om språk i Klassekampen kvar onsdag.

«Kven ville valt framkomstmiddel som berre kan gå framover?»

Onsdag 7. mars 2018
– Kva har Jens Stoltenberg, Jon Lilletun og Ivan den grusomme sams? Det var landsmøte i Arbeidarpartiet på slutten av nittitalet; eg hadde fått ordet og såg ut over eit alvorleg hav av sosialdemokratar – tenkte...
Onsdag 28. februar 2018
Ein opprådd lærar i grunnskulen tok kontakt; eit kvikt hovud i klassen hadde lurt på kvifor me seier at det er saft på termosen. Saften er då i termosen, eller...
Onsdag 21. februar 2018
No i februar kom det ei bok med tittelen «Psykisk helsearbeid». Me forstår at boka må handla om arbeid med psykisk helse. Men tittelen er ikkje uproblematisk. Han representerer det same uføret som Dagsavisen kom i den...
Onsdag 14. februar 2018
Korleis det går med Lula da Silva og presidentvalet i Brasil, er vanskeleg å seia. Derimot er det lett å seia at nasjonalspråket hans er portugisisk. Like lett å seia som at hans språk er større enn russisk. Det siste...
Onsdag 7. februar 2018
Alle lyg. Dei som seier dei aldri lyg, lyg iallfall.Dessutan er det slik at me lyg mindre om føremiddagen enn om kvelden. Så snakk med Siv Jensen før klokka ti. Det er skilnad på kor grovt folk lyg. Trur du eg...
Onsdag 10. januar 2018
Dagsrevyen har ikkje høve til å skriva Kongen om Harald.Dagsrevyen er pålagd å følgja norsk rettskriving. Punktum. Kongen med stor k er berre eit organ som held møte på Slottet om...
Onsdag 3. januar 2018
«Sexy spisesteder» var Aftenposten-overskrift i november 2017.Dei refererte ikkje til noko kjønnsleg; det var noko spennande og attraktivt. Liknande bruk av sexy såg eg i Dagsavisen.
Onsdag 6. desember 2017
Me var innom menneskespråk og biologi den 22. november. For å gjera rettferd skriv eg i dag om dyr som kommuniserer. Først den kvalitative og prinsipielle språkskilnaden mellom menneske og dyr: Viss me definerer...

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk