Klassekampen.no
Lørdag 22. juli 2017
Håkon ladejarl: Aldri nokon veggpryd i livsens dans.
I vikingtida måtte mennene passa seg for kvinnene.
Ladejarlsyndromet

Ein utilsikta effekt av at kvinnene har fått tilgang til universitetet, er at mannlege tilsette som aldri våga seg ut på kjøtmarknaden då dei var unge, i moden alder er omgjevne av flokkevis med unge jenter. Dei fleste forstår nok at det ikkje er deira eiga tiltrekkingskraft som plutseleg har mangedobla seg. Men ein og annan går det til hovudet på. Den makta som ligg i retten til å dela ut karakterar, gjev han kjensla av personleg virilitet, og han forvekslar dei innsmigrande smila til studentane med naturgjeven underkasting. Når atferda hans fører til refs og trussel om oppseiing, skuldar han på feminismen. Hadde det vore i vikingtida, hadde han hatt eit heilt anna spelerom, trur han.

Men det hadde han ikkje. Då Håkon ladejarl rett før førre tusenårsskifte fall frå stillinga som den mektigaste mannen i landet og blei myrda av sin eigen træl, var det fordi han hadde mista respekten for kvinnene.

No hadde Håkon aldri vore veggpryd i livsens dans, og seksualiteten hans var ikkje blitt dempa av puritansk moral. Gjennom mesteparten av levetida si var han overlag kvinnekjær, både sosialt og religiøst: Han gjekk frå den eine kjærleikshistoria til den andre, samtidig som han levde i eit univers som blei styrt av gudinner.

Det var fordi han visste å halda seg inne med den overnaturlege stammora Torgjerd Holgebrur, at Håkon og hæren hans vann over jomsvikingane i slaget i Hjørungavåg. Men etter som åra gjekk og velmakta auka, tok han til å innbilla seg at jentene levde berre for han. Dersom dei smilte, trudde han at dei ville ha han. Slo dei blikket ned, trudde han at dei underkasta seg.

Denne mangelen på finkjensle førte til at han fekk alt folket imot seg, og han enda som kjent utan hovud under ein grisebinge.

Den nye alfahannen Olav Tryggvason gjekk på ein tilsvarande smell mens han enno var i trettiåra, fordi han trudde på ein gud som sette mennene over kvinnene. Endå beila han til den heidenske Sigrid storråde, ei godt vaksen dame som var namngjeten for å slå hardt ned på framfuse menn.

Då Sigrid hadde trulova seg med Olav, sa ho at ho gjekk ut frå at det var greitt for han at ho heldt fram med å dyrka dei gamle gudane. Han reagerte med å gje henne ein øyrefik og kalla henne eit eldgamalt skrukkeskinn. Ho svara at når han tok det på den måten, kunne han ikkje sjå bort frå at han kom til å mista livet ganske snart.

Sånn gjekk det òg, for Sigrid storråde var ikkje meir skrukkete enn at då ho vende blikket mot danskekongen, kasta han alt han hadde i hendene for gifta seg med henne. Stort vanskelegare var det ikkje å overtyda han om at han burde samla ein hær mot Olav Tryggvason og slå han i slaget ved Svolder.

Likevel kunne ho ikkje hindra at det gjekk mot slutten på den heidenske sivilisasjonen, ein kulturell katastrofe som Håkon ladejarl hadde hovudansvaret for. Hadde han halde stilen frå yngre år, og ikkje blitt slik ein gamal gris, kunne historia sett heilt annleis ut.

s.skjold@online.no

Ikkje søtt, ikkje surt, ikkje bittert – men salt. Solveig Aareskjold skriv om det ho sjølv vil i Klassekampen kvar laurdag.

«Han tok til å innbilla seg at jentene levde berre for han»

Artikkelen er oppdatert: 23. juli 2017 kl. 15.16

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk