Klassekampen.no
Onsdag 19. juli 2017
Illustrasjon: Knut Løvås, knutlvas@gmail.com
Eurosystemet har ført til eit stadig veksande gap mellom nord og sør.
Utan redningsbøye

Opptakta til eurosystemet såg lovande ut for kandidatane i Sør-Europa. Valutaeininga ecu fungerte i realiteten berre som ei avrekningseining i handelen mellom kandidatlanda, som framleis hadde sin nasjonale valuta. Når underskotet i utanrikshandelen og dermed underskotet på driftsbalansen overfor utlandet vart så stort at det kunne hemme opplåning i utlandet, kunne landa i Sør-Europa redusere det ved å devaluere sin valuta i forhold til ecu. Denne mekanismen, saman med frihandel i den indre marknaden og sjenerøs støtte frå EUs regionale utviklingsfond, stimulerte kraftig den økonomiske veksten i desse landa. I perioden 1986–1999 var Tysklands økonomiske vekst (BNP) betydeleg lågare enn i nokon av landa i sør. Der var veksten mellom 66 prosent (Portugal) og 20 prosent (Hellas), medan han i Tyskland var på berre 14 prosent.

Dei fleste økonomar tolka desse skilnadene som at «den økonomiske konvergensen» mellom eurokandidatane var i full gang. Rett nok var den relativt høge veksten i sør kombinert med at desse landa også hadde langt høgre inflasjon enn landa i nord. Men dette skulle rette seg når valutakursane vart endeleg fastlagde og euro vart innført. Samtidig vart det ofte oversett at i denne perioden representerte gjenforeininga ei stor, men mellombels byrde som bremsa den økonomiske veksten i Tyskland.

Tyskland gjekk inn i euro med ein avansert eksportretta industri og, etter at Agenda 2010 vart vedteken (2002), nær null vekst i reallønningane. Landa i Sør-Europa gjekk inn med relativt høg prisvekst, ein økonomisk vekst i hovudsak basert på innanlandsk etterspørsel og svakt utvikla industri. Gjennom restriktiv lønnspolitikk (men relativt høgt reallønsnivå), høgt produktivitetsnivå og høg vekst i arbeidsproduktiviteten styrka Tyskland sin konkurranseposisjon overfor resten av eurosona. I Tyskland steig dei gjennomsnittlege lønnskostnadene per produsert eining i perioden 1996–2008 med berre 0,8 prosent, mot mellom 36 og 78 prosent i Italia, Portugal, Spania og Hellas.

Bindinga til euroen førte til at Hellas, Spania og Portugal fekk store og vedvarande underskot på driftsbalansen overfor utlandet. Frå 2002 kom Italia og frå 2005 kom Frankrike i den same situasjonen. Under finanskrisa 2007–2010 pressa EU og Tyskland igjennom at den private utanlandsgjelda i landa i sør vart gjort om til statleg gjeld gjennom redningsaksjonane for bankane. At statane overtok gjelda, sette døra på vidt gap for troikaens innstrammingspolitikk. Den har kvelt velferdsstatane, men slett ikkje resultert i lågare utanlandsgjeld. Som del av BNP auka Portugals utanlandsgjeld frå 65 prosent i 2007 til 95 prosent i 2016, for Spania frå 70 til nær 90 prosent, for Italia frå 25 til 55 prosent og for Frankrike frå ti til 35 prosent. Reduserte lønningar, massearbeidsløyse og skattekutt har ført til lågare skatteinntekter og vedvarande underskot på statsbudsjetta. Statsgjelda som del av BNP auka dramatisk, ikkje berre i Hellas, Portugal og Spania, men også i Italia frå 112 prosent i 2007 til 159 prosent i 2016 og i Frankrike frå 76 til 123 prosent i den same perioden.

Eurosystemet har ført til eit stadig veksande økonomisk og sosialt gap mellom landa i nord, spesielt Tyskland, og landa i sør. Det verserer to forslag om korleis gapet kan bli tetta for å hindre at eurosona går i oppløysing. Det minst drastiske forslaget er at overskotsland (som Tyskland og Nederland i dag) må ta ein del av tilpassingsbyrda ved å betale ei avgift på sine årlege handelsoverskot, eventuelt få konfiskert heile overskota. Desse avgiftene skal bli overførte til underskotsland som støtte til sanering av økonomien. Ei slik avgift ville minke overskotslanda si lyst på handelsoverskot og gi dei tildriv til å stimulere innanlandsk etterspørsel og import gjennom finans- og lønnspolitikken.

Det andre forslaget, «meir Europa», er å etablere ein føderalstat som i første omgang omfattar alle eurolanda. Denne staten må ha eit budsjett på storleik med USA og dermed ha kapasitet til store overføringar frå dei høgt utvikla til dei tilbakeståande regionane, medan handelsbalansane blir avskaffa.

Dei økonomiske og politiske styrkeforholda i eurosona tilseier at ingen av desse forslaga vil få gjennomslag. Økonomar som Varoufakis og Piketty, som arbeider for å «redde Europa» (les euro og EU), kjempar mot vindmøller.

rune.skarstein@svt.ntnu.no

Økonomane Morten Jerven, Erik S. Reinert, Rune Skarstein, Camilla Øvald, Chr. Anton Smedshaug og Ebba Boye skriv onsdagar i Klassekampen.

Artikkelen er oppdatert: 7. august 2017 kl. 13.21

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk