Klassekampen.no
Onsdag 19. juli 2017
Kva er skilnaden på oversettelse og oversetting?
Ikkje heilt likt
Omsetjing: Ikkje alltid lett.

Er oversettelse det einaste ordet på bokmål? Eller går òg oversetting?

Eg vart litt paff over problemstillinga. Trudde dei fleste visste at dei to formene er likestilte i moderne bokmål. At dei to formene dermed tyder det same, er eit anna spørsmål. For dét gjer dei ikkje. Menneskespråk er slik utvikla at om der er to ord som synest vera like, kan me både skriva opp og banna på at dei etter nærare gransking syner seg å ikkje vera like. Språket er nådelaust; heilt like ord – i meining og funksjon – tek det seg ikkje råd til å ha. Hundre prosent synonymi finst ikkje.

Så kva er skilnadenoversettelse og oversetting?

For det første er det slik at moderne bokmål foretrekkjer -ing framfor –else. Det kjem til nye ing-ord heile tida, men ikkje eit einaste (seriøst) nytt else-ord. Så dei blir færre og færre. På 1800-talet kunne folk snakka om «druknelse». Det gjer ingen no.

For det andre: Endinga -ing signaliserer handling, aktivitet. Endinga -else signaliserer produkt, fenomen. Ein person som omset, kan seiast å driva med oversetting. Når personen er ferdig og teksta kan klaskast i bordet, kan det kallast ein oversettelse. Eg seier «kan». Ønskjer ein å vera uspesifisert, bør ein altså velja «oversetting».

På nynorsk og fransk og engelsk og tysk må språkbrukaren finna seg i å leva utan slike nyansar. Der må ein greia seg med berre eitt ord for denne viktige språkaktiviteten: omsetjing, traduction, translation, Übersetzung. Pass forresten på; i nynorsk lurer det ein snublestein – ein må ikkje blanda saman omsetjing og omsetning. Det siste er volum, eit resultat.

Så må eg gjera det lesaren ventar, å sveipa innom gjendikting. For gjendikting er jo ei friare og vanskelegare form for meiningsoverføring? Mitt svar er kontant nei. Omsetjing av lyrikk er omsetjing. Punktum. Men har, sant nok, særeigne utfordringar. Nett slik omsetjing av skodespel og romanar, fagartiklar om kreftforsking eller driftsmanual for ein atomreaktor har det. Alt er berre ulike former for omsetjing, former som krev ulike kvalitetar og kunnskapar hos omsetjaren. Termen gjendikting vart teken i bruk etter krigen fordi lyrikkomsetjarar av lettfattelege årsaker ikkje kunne leva med (og av) same betaling per ord/linje/side som omsetjarar av prosa. Så dei måtte kalla det noko anna, for å rettferdiggjera ein annan tariff.

Utdannelse eller utdanning? Også her er begge i bruk. Også her kan ein operera med skilnad i meining; det første er eit «produkt», noko som er ferdig, det andre er aktivitet. Og alle me vestlendingar veit presis skilnaden på vekkelse og vekking. Regelen er at ord på -ing har eit generelt innhald om noko som skjer, ord på -else eller -ning har eit meir spesifikt innhald i retning fenomen eller produkt.

Den 21. juni, ut på ettermiddagen, snakka dei om meir verdiskapning i tv-nyheitene på NRK. Har dei verkeleg ikkje fått med seg at det er skilnad på ei verdiskaping og ein verdiskapning! Begge delar finst, og begge trengst. Men altså: Ein skapning er ferdig, han er skapt.

sylfest.lomheim@gmail.com

Sylfest Lomheim skriv om språk i Klassekampen kvar onsdag.

«Vestlendingar veit presis skilnaden på vekkelse og vekking»

Artikkelen er oppdatert: 7. august 2017 kl. 13.22
Onsdag 13. september 2017
Hemnroman og hjorthejakt står no på lista over årets ord. Roman gjer det ikkje. Som omgrep...
Onsdag 6. september 2017
Kim og Trump og Listhaug har overraska litt (ikkje mykje!) siste månaden med sine verbalitetar. Men samstundes skal me hugsa på at dei står solid planta midt i ein såkalla trend som har gått føre seg tre-fire...
Onsdag 30. august 2017
Pissa og tissa – er det skilnad på dei to? Dette var oppe før i år både hos Linda Eide og i Språkteigen. Svaret...
Onsdag 23. august 2017
«You do not punch your weight», sa ein gong USAs president til nordiske statsleiarar. «De boksar ikkje i den vektklassa de høyrer heime». Fakta fortel at Norden, med 26 millionar, er verdas tolvte største økonomi, godt...
Onsdag 9. august 2017
Finst det språkforskarar som fortel kva som er rett og god norsk? Dei finst, men dominerer ikkje miljøet, for å seia det slik. Folk flest har inntrykk av at det viktige er å beskriva «den reelle ordbruken». Dette...
Onsdag 9. august 2017
Finst det språkforskarar som fortel kva som er rett og god norsk? Dei finst, men dominerer ikkje miljøet, for å seia det slik. Folk flest har inntrykk av at det viktige er å beskriva «den reelle ordbruken». Dette...
Onsdag 2. august 2017
Fire dagar sidan var det olavsøka. Ingen stad er olsok så stort som på Færøyane. Det er deira nasjonaldag. Og ingen stad i verda feirar dei nasjonaldagen på dét viset – feiringa skjer berre i hovudstaden, ikkje på dei...
Onsdag 26. juli 2017
Reversering er, og blir, eit nøkkelord i valkampen. Ingen trur noko anna. På godt norsk kunne og ville me seia gå tilbake, snu. Det motsette av å reversera er å

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk