Tirsdag 18. juli 2017
TETT PÅ: Wenche Berg Husebø er med i Aksjonsgruppa for sosial og fagrådgivar ved Robin Hood Huset. Ingrid Husevåg Døskeland jobbar med fattigdomsproblematikk i Bergen. – Det ligg ein verdi i å kalla ein spade for ein spade, seier Døskeland.
• SSB har erstatta fattigdomsbegrepet med «låginntekt» • Forskar i SSB er kritisk til endringa
Har definert ut fattigdom
Undersak

Vil snakka om fattigdom

Wenche Berg Husebø har jobba med fattigdomsproblematikk i ei årrekke. Ho er i dag med å drifta Aksjonsgruppa for sosial naud og har tidlegare jobba ved Robin Hood-huset, eit tilbod for økonomisk vanskelegstilte i Bergen.

– Har me fattigdom i Norge i dag?

– Ja, det har me. Me har eit stadig aukande tal barn som lever med foreldre som er fattige. Då eg begynte med dette i 1994, snakka ein om 12.000 barn som levde med foreldre under fattigdomsgrensa. I dag er me over 100.000 barn.

– Meiner du at me skal snakka om fattigdom eller låginntekt?

– Me skal snakka om fattigdom, og me skal snakka om barnefattigdom på ein slik måte at dersom ikkje foreldra var fattige, hadde heller ikkje borna vore fattige.

– Kva inneber det å vera fattig i Norge i dag?

– Utanforskap. Det betyr at du ikkje kan gjera dei tinga som andre gjer, seier Husebø.

Ho seier at ein ting er å reisa på sommarferie, men mange barn i fattige familiar kan heller ikkje vera med på slike aktivitetar barn flest gjer fleire gongar i løpet av året, som å arrangera og gå i bursdagsbesøk eller å spontant bestemma seg for å gå på kino.

– 120 kroner for ein barnebillett på kino, kor mange gangar i løpet av eit år har ein råd til å gjera det når det som er disponibelt etter at lån og rekningar kanskje er 1000 kroner i veka for mor og barn?

Husebø veit sjølv kva det vil seia å vera fattig i Norge.

– Min son var tolv då eg blei så sjuk at eg ikkje lengre kunne jobba. No er han 35. Det var noko av grunnen til at eg var med å starta aksjonsgrunnen for sosial naud, fortel Husebø.

Ho mottak sosialstønad i fleire år før ho blei uføretrygda.

– Kva sparar ein på når ein skal få budsjettet til å gå opp?

– Mat er det enklaste å spara på. Dei som har barn vil heller kjøpa nye sko til barna sine enn å gå til tannlegen sjølv.

– Bør SSB gå tilbake til å publisera tal om fattigdom?

– Ja, det synst eg. Og det er veldig fint at tilsette på SSB seier det og ikkje berre eg. Eg trur at å pakka det inn i fine ord ikkje endrar situasjonen.

ALEINE: Medan EU og OECD publiserer fattigdomstal, har Statistisk sentralbyrå gått over til omgrepet låginntekt. Det meiner omgrepet «fattig» blir for sterkt i norsk samanheng.

fattigdom

Tal som svarar til det Statistisk sentralbyrå (SSB) i Norge omtalar som «låginntekt» blir sendt til EUs statistikkorgan Eurostat og publisert som «at risk of poverty».

Også OECD brukar eit omgrep for relativ inntektsfattigdom om personar som er i botn av inntektsfordelinga og kallar det «poverty».

– Norge skil seg ut, seier forskar ved SSB, Rolf Aaberge.

Aaberge er internasjonal ekspert på økonomisk ulikskap og blant forskarane ved SSB som forskar på det han sjølv omtalar som fattigdom.

Aaberge understrekar at han som forskar ved SSB kan bruka omgrepet fattig i SSB-publikasjonar, men han stiller seg undrande til at statistikkavdelinga brukar omgrepet «låginntekt» sidan Eurostat og dei andre landa i EU brukar «fattigdom«.

Han meiner praksisen til SSB kan skapa forvirring både fordi den ikkje samsvarer med resten av Europa og fordi SSB også publiserer rapportar og artiklar der «låginntekt» vert kalla «fattigdom».

– Me gjer tilsvarande berekningar som andre land i Europa, seier Aaberge.

Fakta

Fattigdom:

• Mens Eurostat og OECD publiserer statistikk for relativ inntektsfattigdom, brukar Statistisk sentralbyrå (SSB) låginntekt.

• Personar i eit hushald som disponerer ei inntekt under 60 prosent av medianinntekta i landa er i risiko for fattigdom, ifølge EU.

• SSB har gått vekk frå eit fattigdomsomgrep, men publiserer tal for låginntekt.

Handlar om deltaking

Aaberge viser til at Eurostat bygger på eit vedtak frå EUs ministerråd i 1975 om at fattigdomsgrensene skal vera avhengige av den generelle levestandarden i medlemslanda. Fattigdomsgrensa er knytt til høve for deltaking i samfunnet.

– Dette er i samsvar med det den engelske økonomen Adam Smith føreslo for 240 år sidan om «appearing in public without shame». I dei siste 15 åra har EU bestemt at fattigdomsgrensa skal vera lik 60 prosent av medianinntekta etter at inntektene er gjort samanliknbare på tvers av hushaldstypar, men SSB kallar altså denne grensa for låginntektsgrense, seier han.

Det var då dagens sentralbanksjef Øystein Olsen var direktør for SSB at det blei bestemte at statistikkavdelinga skulle å gå vekk frå omgrepa fattig og fattigdomsgrense.

Ifølge Aaberge var grunnen til at SSB vedtok å gå vekk frå å kalla gruppa i botn av inntektsfordelinga for fattige, altså dei som har ei inntekt under 60 prosent av medianinntekta i Norge, blant anna at omgrepet fattigdom kunne gi assosiasjonar til levekårstilhøva frå ei fjern fortid eller tilhøva i mange utviklingsland.

– Fattige var folk som opplevde naud og levde omtrent på eksistensgrensa, medan inntektsfattigdom i Europa i dag betyr at ein har avgrensa mulegheiter for å kunne delta aktivt i samfunnslivet, seier Aaberge.

– Meiner du SSB må gå tilbake å bruka fattigdom?

– Ja, det er det enklaste. Når det gjeld publisering av slike tal, bør SSB heller bruka meir innsats på å forklara kva me skal forstå med omgrepet og dessutan peika på dei mange problema som er knytt til definisjon og måling av låginntekt/fattigdom. For eksempel at verdien av å vera mottakar av gratis eller subsidierte offentlege tenester som barnehage, utdanning, helse og pleie og omsorg ikkje er med i berekningsgrunnlaget til den offisielle statistikken.

– Fattigdom for sterkt

Torstein Bye er direktør for avdeling for person- og sosialstatistikk ved SSB. Han stadfester at SSB bestemte seg for å gå vekk frå å bruka fattigdom som omgrep for personar i botn av inntektsstatistikken.

– SSB hadde ein diskusjon tidleg på 2000-talet om kva fattigdom var og om ein er fattig i Norge sjølv om ein hadde ei inntekt på 50/60 prosent under medianinntekt. SSB meinte fattig var for sterkt. Derfor gjekk me over til låginntekt, seier han.

– Er det ikkje litt rart at Norge skal skilja seg ut, dei same tala blir i av Eurostat publisert som «risk of poverty»?

– For det første betyr jo heller ikkje «risk of poverty» fattig, men at du er utsett for å vera fattig. Det er også generelt vanskeleg å samanlikna Norge og EU. Norge har ein betydeleg offentleg sektor som omfordelar gjennom offentlege tenester, som ein også bør ta omsyn til i vurderinga av fattigdom. Sidan desse ikkje er tatt med kan det vera betre å bruka låginntekt for dette målet i Norge. Dette er mindre viktig i dei fleste EU-land, seier han.

– Er det ikkje fattigdom i Norge i dag?

– Me publiserer tal for låginntekt.

Bye held døra open for ei ny vurdering, men det står ikkje øvst på dagsorden i SSB.

– Fyrst skal me sjå om me kan få etablert ein springande statistikk som også inneheld betydinga av offentlege tenester så får me heller komma tilbake til det spørsmålet etter det, seier Bye.

annekarih@klassekampen.no

Lørdag 18. november 2017
UKVALIFISERT: Bent Arne Aasli har jobbet med vann og avløp siden han var 16 år. Nå mener regjeringen han ikke er kvalifisert til å gjøre jobben sin fordi han ikke har nok studiepoeng.
Fredag 17. november 2017
HASTER: Landet rundt må det nå kuttes ved syke­husene. Årsaken er krav om stadig effektivisering. Strikken strekkes for langt, mener Legeforeningen.
Torsdag 16. november 2017
REGNSKAP: Det er forskjeller i hvor mye ulike innvandrergrupper står for av skatteinntekter. Mens iranere i snitt betaler 94.300 kroner, står polakker for 70.800 skattekroner per hode.
Onsdag 15. november 2017
SJAU: Fjellstrand verft vil ikkje nytte permitterte arbeidarar til nye oppdrag. LO fryktar at verksemda vil kvitte seg med alle fast tilsette.
Tirsdag 14. november 2017
URO: I en fersk rapport varsler Nav om økende kløfter mellom fattig og rik. Fra 2011 til 2015 gikk andelen fattige opp fra 7,7 til 9,3 prosent.
Mandag 13. november 2017
GÅR AV: Allerede i mars var Finans­departementet bekymret for omorganiseringen i SSB. Men Christine Meyer mener hun hadde mandat til å avskilte forskere. Nå fratrer hun stillingen.
Lørdag 11. november 2017
AU: Aldri før har KrF vore målt så lågt på Klassekampens barometer. Hareide håpar ny politikk skal ta KrF ut av skugganes dal.
Fredag 10. november 2017
VIL SNU: Sp-nestleder Anne Beathe Tvinnereim vil trosse asylforliket, myke opp asylpolitikken og finne en «praktisk løsning» for å hjelpe oktoberbarna.
Torsdag 9. november 2017
FISJONSKRAFT: To av tre finnmarkingar seier nei til tvangssamanslåinga med Troms fylke, men reforma stoppar ikkje. – Sp må få kink i nakken av å sjå seg så mykje bakover, seier Sanner.
Onsdag 8. november 2017
TAR FEIL: Sylvi Listhaug og Utlendingsdirektoratet tar feil om at det er trygt å returnere «oktoberbarna» til Afghanistan, fastslår Afghanistan-ekspert Arne Strand. Listhaug skal orientere om sikkerheten i Stortinget i dag.

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk