Klassekampen.no
Mandag 17. juli 2017
Kva veit me om den lange historia som slangar seg i regnbogeflagget?
Skeiv remix
Kraftsymbol: Regnbogen er teikn på så mangt.

Visste dei 40.000 som veifta med regnbogeflagget i årets pride-parade kva dei flagga? Tilskodarskaren skal ha vore fleire enn på 17.mai, ifølge økonomispaltist Kjetil Staalesen i Dagsavisen: 250.000.

Då flagget vart designa av forkjemparen for homofiles rettar i USA, Gilbert Baker, hadde dei australske aboriginarane hatt regnbogeslangen Wagyl, skaparen av fjell, elver og sjøar, i 8000 år. På den tida steig havet etter istida og regnbogeslangen, avbilda på hulemaleri og bark, heldt havet i opplag, som det heiter i ei anna heilag kjelde med storflaum over jorda, nemleg Bibelen. Også her dukkar regnbogen opp som teikn på den pakt Vårherre inngår med Noah-flokken og all jordas skapning: Aldri meir vil han leggja jorda øyde, kva no menneska måtte finna på (1 Mos 9,11). Eit blikk på regnbogen og Gud blir smerteleg minna om sin lovnad.

Så langt har me issmelting og syndflod i regnbogeflaggets bølgande banner. Regnbogen vippar på eggen mellom skapelse og destruksjon. Denne koplinga er med i regnbogeflaggets opphav. Første gang flagget vaia i San Francisco 25. juni 1978, var til minne om drapet på flaggets idéskapar, Harvey Milk.

Regnbogetrøya i sykkelsporten har den same doble tyding: sigersteikn og «the curse of the rainbow jersey». Året etter at ein ryttar vinn VM-trøya med regnbogestripene over brystet, har det gjerne gått skeis. Nokre få har trumfa forbanninga og vunne Tour de France året etter, til dømes legenden Eddy Merckx. I årets Tour sykla rockerider Peter Sagan med regnbogetrøya. Først spurta han inn til siger og så rauk han rakt ut etter ein alboge i sida på Mark Cavendish i oppløpet. Er det symbolet som ruler?!

Tidlegare VM-meistrar har rett og plikt til å sykla med regnbogen på ermet. Då FrekkePetter Northug jr. i eit renn på Voss i 2012 stilte med stripene på ermet, reagerte regnbogemeister Thor Hushovd. IOC hadde ikkje så skarpt blikk, for også dei «eig» regnbogefargane i sine sirklar. Her symboliserer fargane, ifølge opphavsmann baron Pierre de Coubertin, dei ulike verdskontinenta. Ingen regnboge er nemnd. Men me ser det me ser, og fallhøgda frå gull til gulp er stor også i dette gamet.

Både VM i sykling (1921) og dei olympiske leikane (1913) kom til før regnbogebanneret vaia i San Francisco i 1978. Ein blinda eller blenda postmodernisme kan ha rådd uvitande i konkurranserørsla LHBT?

Fargeskalaen varierer i regnbogesymbola. Det første homobanneret hadde åtte fargar: rosa og turkis var med. Ein kjende til nazistemplet «trekant» for homoseksuelle. Rosa trekant, første LHBT-logo, rauk difor ut i 1978 (klassekampen.no). Kva med dagens medvit om den lange historia som slangar seg i regnbogeflagget?

Ingen har patent på symbol. Men i ei tid med falske og akternative nyhende bør ein halda auge med symbolkrafta. Det kan vera naudsynt å kjenna deira opphav. For me kan vera djupt inne i eit irrasjonelt, tekno-mytologisk karneval som bryts med naturens rasjonelle faktum?

Carne vale (italiensk) tyder farvel til kjøttet.

Forfattar og litteraturkritikar Karin Moe kommenterer aktuelle saker frå sidelinja kvar måndag.

«Regnbogen vippar på eggen mellom skapelse og destruksjon»

Artikkelen er oppdatert: 7. august 2017 kl. 12.48

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk