Klassekampen.no
Lørdag 15. juli 2017
Kvar gong det opnar seg ei dør, lukkar det seg eit vindauge.
Alternativ fortid
Trump: Verken det klokaste eller det einaste moglege.

I fjor sommar visste ingen kven som kom til å bli president i USA. No veit me det berre så altfor godt. Dersom verda enno står om fire år, vil me vera minst like usikre på morgondagen som me alltid har vore. Til gjengjeld vil me vita mykje meir om presidentskapet til Donald Trump.

Såleis er me dømde til å stå midt i døra mellom framtid og fortid, mellom det som kan bli til kva som helst og det som er evig faststøypt. Men den nære fortida, den som me har personlege minne frå, den har liksom ikkje riktig storkna enno. Derfor drøftar me med stort engasjement kvifor det gjekk som det gjekk, og kva som kunne vore gjort annleis.

Den fortida som me ikkje har vore med på sjølve, den godtek me meir reservasjonslaust. Som at kristendomen blei gjort til statsreligion i Romarriket under keisar Teodosius i 392. Enten me trur på Gud eller ikkje, trur me på dei som seier at det var eit steg frå barbari til sivilisasjon. Alt som skjedde i førevegen, synest å leia fram mot det. All nestekjærleik og humanisme som har funnest etterpå, lèt til å springa ut av det.

Men å gjera Donald Trump til amerikansk statsoverhovud var verken det klokaste eller det einaste moglege. Og å forby religiøst og kulturelt mangfald i Romarriket var eit desperat forsøk på å få eit smuldrande imperium til å bli great again.

Dei romerske styresmaktene hadde nok handla meir framtidsretta om dei hadde nøydd seg med å sidestilla kristendomen med dei andre religionane, slik det skjedde i 313. På same vis kunne russarane ha spart seg sjølve for mykje vondt om dei hadde avslutta samfunnsomveltingane med marsrevolusjonen i 1917.

Heilt sidan eg studerte historie langt tilbake på syttitalet, har eg undra meg over at ein ikkje reknar med alle dei kulturelle tap som krig og vanstyre har ført med seg. Faget baserer seg på at det menneskelege medvitet er i konstant framgang, sjølv om det stadig viser seg at kvar gong det opnar seg ei dør, lukkar det seg eit vindauge.

Kristendomen forkynner at mennesket er syndig av natur, og teier still om den lysta til det gode som er medfødd hos dei fleste. No lærer ungane om empati i barnehagen. Det gjer dei ikkje til englebarn, men det er i alle fall ein meir effektiv måte å handtera det vonde på enn å skremma dei med freistingane frå djevelen, verda og vårt eige kjøt. Om det gjer dei i stand til å takla utfordringane i framtida, vil framtida visa.

Elles var det jo ikkje sånn i gamle dagar heller at alle tok religionen like mykje på alvor. Ein gong mens Sørvestlandet var på det aller kristelegaste, kom ein prest forbi ein kornåker som stod og bølgja i vinden der det før var utmark. Han vende seg til bonden som hadde rydda bort steinane og pløgd og sådd, og tala til han på prestars vis: «Det er en vakker åker du har fått ved Vårherres hjelp.»

«Å ja,» svarte bonden, «men du skulle sett korleis her såg ut då Vårherre styrte aleine».

s.skjold@online.no

Ikkje søtt, ikkje surt, ikkje bittert – men salt. Solveig Aareskjold skriv om det ho sjølv vil i Klassekampen kvar laurdag.

«Den fortida som me ikkje har vore med på, godtek me»

Artikkelen er oppdatert: 7. august 2017 kl. 12.28

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk