Lørdag 15. juli 2017
FARLEG: I 2016 var det åtte dødsfall i bygg- og anleggsbransjen, fire i primærnæringane og fire i transport og lagring. Av desse var 40 prosent utanlandske arbeidarar.Illustrasjonsfoto: Anniken C. Mohr
Arbeidstilsynet er svært bekymra over at talet på jobbdødsfall blant utlendingar i Norge aukar:
Farlegare for utlendingar
Undersak

Kunne vore unngått

Blant dei omkomne utanlandske arbeidstakarane i fjor, var to menn i 30-åra frå Kroatia. Begge var montørar på jobb via ein leverandør og ein underleverandør for Statnett.

Konserndirektør i Statnett Elisabeth Vardheim seier at det i begge dødsulykkene er blitt avdekka rutinesvikt.

– Begge ulykkene viste rutinesvikt og mangel på etterleving av instruksar, seier Vardheim til Klassekampen.

– Så begge ulykkene kunne vore unngått?

– Ja.

Konserndirektøren avviser at nasjonalitet var ei medverkande årsak til dei fatale ulykkene.

– God HMS-kultur følger ikkje nasjonalitet, seier ho.

I etterkant av dei to ulykkene har Statnett intensivert HMS-arbeidet.

Både utanlandske og norske leverandørar har vore på møte med Statnett.

– Etter ulykkene tok konsernsjefen vår initiativ til møte med leverandørar om korleis sikra dei rette haldningane, seier Vardheim.

Det er blant anna etablert livreddande reglar, mellom anna med absolutte krav om bruk av verneutstyr.

– Mange av våre selskap har tatt kvantesteg i forhold til HMS, seier konserndirektøren.

FORSKJELL: Norsk arbeidsliv blir tryggare, tydar tal frå Arbeidstilsynet. Men det gjeld ikkje utanlandske arbeids­takarar. – Uakseptabelt, seier LO-topp.

arbeid

Ferske tal frå Arbeidstilsynet viser ei markant nedgang i talet på arbeidsrelatert dødsfall dei siste åra, men berre blant norske arbeidstakarar.

For norske arbeidstakarar er talet på omkomne på jobb halvert frå 30 personar i 2012 til 15 personar i 2016. Blant utanlandske arbeidstakarar var det sju jobbdødsfall i 2012 og ti i fjor.

Med andre ord hadde så mange som 40 prosent av dei som omkom på jobb i fjor, utanlandsk statsborgarskap. Det gir grunn til uro, meiner Arbeidstilsynet.

– Andelen utanlandske arbeidstakarar som døyr på jobb, er aukande. Det er me bekymra for, seier Monica Seem, avdelingsdirektør i Arbeidstilsynet.

Fakta

Arbeidsmiljø:

• Talet på både arbeidsrelatert sjukdom og dødsfall har gått ned dei siste åra.

• Frå 2012 til 2016 er talet omkomne nordmenn halvert frå 30 til 15. I same periode er talet på jobbdødsfall blant utanlandske statsborgarar gått opp.

• Det er flest arbeidsdødsfall i bygg- og anleggsnæringa.

• Det er handverkarar som melder frå om flest arbeids­relaterte skadar.

Kjelde: Arbeidstilsynet

– Todelt arbeidsliv

Forbundsleiar i LO-forbundet EL og IT Forbundet Jan Olav Andersen meiner også det er grunn til uro.

– Dette er absolutt ikkje tilfeldig, og det er heilt uakseptabelt at det er farlegare for utanlandske arbeidstakarar enn norske. Slik skal det ikkje vera, men det viser seg at det er det, seier Andersen.

Han seier at dette er eit uttrykk for det ein kan kalla eit todelt arbeidsliv. Han trur det er fleire årsaker til den veksande delen dødsfall blant utanlandske arbeidstakarar.

– Ein årsak er at dei utanlandske arbeidstakarane står utanfor det organiserte arbeidslivet. Frykta for å mista jobben viss ein varslar, er nok eit element. Det andre er at ein god del av dei utanlandske arbeidstakarane er her via bedrifter som er useriøse. Det er mange årsaker, seier han.

Andersen seier dødsfalla blant utanlandske arbeidarar er eit av fleire teikn på ei uheldig utvikling som må takast på alvorleg.

– Dette føyer seg inn i bildet av at me har andre standarar for utanlandske arbeidstakarar. Viss me får permanent todeling av arbeidslivet, er det ei farleg utvikling, åtvarar han.

Skal finna årsaker

Totalt sett var talet på arbeidsrelaterte dødsfall det lågaste sidan 1970 i fjor. Arbeidstilsynet har vore varsam med å konkludera med at det har vore ein nedgåande trend eller tilfeldig.

– No byrjar me å sjå over fleire år at det går ned. Det er positivt. Samstundes så er det uakseptabelt at nokon døyr på jobb, seier Seem.

At det på same tid er ei auke i delen utanlandske arbeidstakarar søm døyr på jobb, tar Arbeidstilsynet svært alvorleg. Dei har sett i gang eit internt analysearbeid med håp om å få fleire svar på kva som ligg bak utviklinga. Rapporten skal ferdigstillast seinare i år.

Seem er forsiktig med å peika på årsaker før rapporten er ferdig, men seier at utanlandske arbeidstakarane ofte har risikoutsette jobbar.

– Viss du kombinerer det med at dei ikkje får god nok opplæring på eit språk dei forstår og tilstrekkeleg verneutstyr, er det ein farleg kombinasjon, seier Seem.

Av ti omkomne gjestearbeidarar i fjor, kom to frå Skandinavia og åtte frå land i Aust-Europa. Tre av dei omkomne utanlandske arbeidstakarane i fjor mista livet i eit leirras, to omkom i trafikkulykker, to omkom i fallulykker, to omkom i samband med arbeid på kraftliner, og éin omkom i ein eksplosjon frå ein gassgrill, ifølgje Arbeidstilsynet.

I 2016 var det i alt åtte dødsfall i bygg- og anleggsbransjen, fire i primærnæringane og fire i transport og lagring.

Historiske data om arbeidsskadedødsfall viser at også industrien er ekstra risikoutsett for arbeidsskadedødsfall, ifølgje Seem.

annekarih@klassekampen.no

Torsdag 18. januar 2018
KLATRAR: No skal Torbjørn Røe Isaksen lære seg inntektssida på statsbudsjettet. – Eg ser han gjerne som Høgre-leiar og statsminister i framtida, seier fylkesleiar.
Onsdag 17. januar 2018
GRUVESJOKK: Ola Elvestuen blir ny miljøminister, men Venstre får ikkje stoppa at omstridt gruveavfall går ut i Førde­fjorden. – Ikkje til å tru, seier Natur og Ungdom.
Tirsdag 16. januar 2018
FOTEN NED: Knut Arild Hareide meiner vi ikkje har råd til store skattelettar i åra som kjem. Regjeringserklæringa er ei av dei vagaste han har lese.
Mandag 15. januar 2018
TRYGD: Beza betalte 300.000 kroner til staten, men fikk ikke trygd da barna ble født, eller da han mistet jobben.
Lørdag 13. januar 2018
STANS: Unge Høgre innfører umiddelbar alkoholforbod på ubestemt tid etter Riise-saka. Ungdomspartia er delt om alkoholbruk på partisamlingar.
Fredag 12. januar 2018
SPLITTER: Samme uke som partisekretær Kjersti Stenseng gikk beinhardt ut mot Hans Kristian Amundsen, ble han i et lukket møte på Stortinget tatt varmt i forsvar av klubblederen for Aps stortingsansatte, Ingunn Yssen.
Torsdag 11. januar 2018
STASING: Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) takka for maten under NHOs gallamiddag. I same slengen lova han ei heilt ny reform.
Onsdag 10. januar 2018
BREMS: Selv om norsk økonomi går bedre, bør ikke arbeidstakerne forvente et bedre lønnsoppgjør i år. Det mener flere topper i norsk næringsliv.
Tirsdag 9. januar 2018
UROLIG: Sysselsettingsandelen i be­folkningen kryper stadig nedover. NHO-direktør Kristin Skogen Lund mener det er på tide å se på hvordan velferdsordningene fungerer.
Mandag 8. januar 2018
OPPRUSTING: I 2018 skal USA bruke nesten 40 milliarder norske kroner på å avskrekke Russland. Norge spiller en stadig større rolle i planene.

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk