Fredag 14. juli 2017
Får nytt visum: Den palestinske filmskaparen Mohamed Jabaly kan returnera til Tromsø frå London. Her klemmer han Mari Bø, markedsassistent i Tromsø Internasjonale Filmfestival, då han var i ferd med å bli kasta ut av Noreg sist vinter. Foto: Ingun A. Mæhlum
Den palestinske filmregissøren Mohamed Jabaly får likevel studere ved Nordland kunst- og filmfagskole:
Reiser heim til Tromsø
UDI har snudd og innvilgar student­visum til den prisvinnande palestinske filmregissøren Mohamed Jabaly.

film

– 31. juli vender eg tilbake til Tromsø. Flybilletten er alt bestilt, seier Mohamed Jabaly på telefon frå London.

Den palestinske filmskaparen har hatt opphald på turistvisum i den britiske hovudstaden sidan mars, då han måtte reisa frå fast jobb og bupæl i Tromsø, etter at norske utlendingsstyresmakter avslo Jabalys søknad om arbeids- og opphaldsløyve.

Han hadde då hatt kunstnarvisum sidan 2014 og etablert seg i Tromsø, der han hadde fast bustad og arbeid hos ein filmprodusent.

Den snart tre år lange turbulente historia om den statslause palestinaren ser ut til å få ei mellombels løysing, når Utlendingsdirektoratet (UDI) no har akseptert og innvilga Jabalys søknad om studentvisum til Noreg for å byrja på Nordland kunst- og filmfagskole i Kabelvåg. Ein søknad dei først avviste på formelt grunnlag, fordi søknaden var sendt til Noreg frå Storbritannia og ikkje var innlevert til norske styresmakter i Gaza, Jabalys opphavlege bustad.

Fakta

Mohamed Jabaly:

• Palestinsk filmskapar (f. 1980). Har regissert den prisvinnande dokumentaren «Ambulance», om Gaza-krigen i 2014.

• Vart hindra i å reisa heim frå Noreg til Gaza hausten 2014, då Egypt stengde grensa til den palestinske enklaven. Han har sidan hatt opphald i Tromsø.

• Fekk ikkje vidare arbeids- og opphaldsløyve i vår, men har no fått norsk studentvisum.

Tre år i uvisse

Klassekampen har følgt Mohamed Jabalys sak sidan han kom til Tromsø for å vera med på eit filmkurs hausten 2014. Han kom då frå Gaza og den 50 dagar lange israelske bombinga av den avstengde, palestinske enklaven.

Etter at Jabaly hadde reist til Noreg, vart grenseovergangen mellom Gaza og Egypt stengt, og han vart «fanga» i utlandet utan høve til å returnera.

Med hjelp frå filmmiljøet i Tromsø fekk den unge fotografen redigert filmopptaka som vart til den internasjonalt prislønte dokumentarfilmen «Ambulance».

I løpet av dei tre åra som har gått, er ikkje situasjonen betra i Gaza. Snarare tvert om, ifølgje rapportar frå FN. Grensa til Egypt ved Rafah er framleis stengt, og var sist ope kort tid tre dagar i mai.

Gjekk tilbake på formalitet

– Eg vart fortvilt då eg fekk avslag på studentvisumsøknaden. Utan von om å kunne endra noko som helst, sendte eg 27. juni eit ankebrev til UDI, der eg gjorde greie for at eg ikkje kunne søka frå Gaza både fordi grensa er stengt for innreise og fordi dei norske diplomatiske tenestene er flytta frå Gaza til Amman i Jordan, noko som ville kravd at eg oppsøkte eit tredjeland for å få levert visumsøknaden.

Berre fjorten dagar etter at Jabaly sendte brevet, fekk han svar frå UDI, der direktoratet aksepterte årsakene til at han ikkje oppfylte dei formelle søknadsvilkåra og stadfesta at visum var innvilga.

– Det var ei enorm lette. Det britiske turistvisumet mitt går ut 8. august. Det har vore svært stressande ikkje å vita kor eg skulle gjera av meg etter det. No kan eg reisa til Tromsø, som eg ser på som min andre heimby, før eg byrjar på Nordland kunst- og filmfagskole i Kabelvåg over sommaren. Det er i alle fall ein start, seier Jabaly.

Då norske utlendingsstyresmakter i vinter avslo å gje ham arbeids- og opphaldsløyve, var det grunngjeve med at han ikkje hadde den formelle utdanninga dei kravde for å godkjenna han som filmregissør. Det trass i at blant anna fagorganisasjonen Norske Filmregissører gjekk god for kompetansen hans og han hadde gjort internasjonal suksess med dokumentarfilmen «Ambulance».

Film om livet i limbo

«Ambulance» er Mohammed Jabalys dokumentasjon av Gaza-krigen sommaren 2014, sett frå synsstaden til eit ambulanseteam.

Filmen har vekt merksemd både ved filmfestivalar, blant helsepersonell og politikarar. Dokumentaren var årsaka til at Jabaly vart invitert til London av BBC og Det britiske filminstituttet (BFI) i vår.

Her fekk filmskaparen to viktige prisar: BBC Arabic Young Journalist Award 2017 og prisen for beste langdokumentar under Baftas One World Media Awards.

No vil Jabaly laga film om si eiga sak, som også har engasjert publikum over alt der «Ambulance» har vorte vist.

– Kameraet er alltid med meg, og eg har filma jamt sidan eg reiste frå Gaza i 2014. Vonleg kan det med tida bli ein ny dokumentar av opptaka, seier Jabaly, vel vitande om at han delar lagnad med mange palestinarar.

– Eg prøver alltid å sjå det positive i tilværet, men til liks med folk flest må eg ha eit fast haldepunkt i livet. Det har eg no ei tid framover med skolen.

Mohamed Jabaly stemnde UDI for retten for feil lovbruk då dei avviste søknaden hans om arbeids- og opphaldsløyve. Denne saka er enno i rettssystemet, men Jabaly har ikkje avgjort om han no vil trekka stemninga eller forfølgja saka.

– Det er ei viktig sak for filmbransjen, men personleg har ho kosta meg mykje både av pengar og krefter, seier regissøren.

guri.kulaas@klassekampen.no

Mandag 24. juli 2017
Kan behovet for sikkerhet og behovet for åpenhet harmoniseres når man bygger en by? Redaktør for ny bok om sikkerhet og arkitektur ønsker mer debatt om det nye regjeringskvartalet.
Lørdag 22. juli 2017
Facebook vil koma mediebransjen i møte med å prøva ut betalt abonnement på såkalla «instant articles».
Fredag 21. juli 2017
Netflix står nå for nesten en firedel av all trafikk i Telenors bredbåndsnett, men det er lite norsk film å se. Det er på tide å ta grep for å sikre norsk innhold, ­mener Norsk filminstitutt.
Torsdag 20. juli 2017
Stortingsrepresentant Anne Tingelstad Wøien (Sp) mener norske universiteter må iverksette tiltak for å bedre balansen mellom norske og utenlandske forskere.
Onsdag 19. juli 2017
En tredel av VGs annonseinntekter på nett kommer nå fra reklame som etterlikner journalistikk.
Tirsdag 18. juli 2017
EU vil stoppa ungarske lover som råkar eit privat universitet. – Loven begrensar utviklinga av eit uavhengig samfunn, meiner Csilla Czimbalmos i Helsingforskomiteen.
Mandag 17. juli 2017
Den franske presidenten Emmanuel Macron foretrekker sosiale medier og talerstolen fremfor pressen. Tradisjonelle medier mister noe av sin portvakt­funksjon, og det benytter politikerne seg av, sier medieforsker.
Lørdag 15. juli 2017
I sommer lanserer tidligere AKP(m-l)-formann Pål Steigan en ny medie­plattform med arbeidstittel Mot Dag.
Fredag 14. juli 2017
UDI har snudd og innvilgar student­visum til den prisvinnande palestinske filmregissøren Mohamed Jabaly.
Torsdag 13. juli 2017
Jussprofessor Mads Andenæs mener internasjonaliseringen av norske universiteter er med på å sikre at vi får forskning av høy kvalitet.

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk