Fredag 7. juli 2017
SMULAR: Dei fattigaste har fått ein mindre del av kaka, mens toppsjiktet dreg frå. Det bidrar til auka ulikskap. Her er det to kvinner som ventar på matutdeling hos Frelsesarmeens frivilligheitssentral.Foto: Anniken C. Mohr
Innvandring gir aukande inntektsforskjellar, men ulikskapen veks uansett, ifølge SSB:
Gap mellom nordmenn
SPRIK: Forskjellane aukar også når innvandrarbefolkinga blir halden utanfor statistikken, ifølge Statistisk sentralbyrå.

ULIKSKAP

Som Klassekampen skreiv i går, er den veksande innvandrarbefolkninga ein viktig faktor bak aukande ulikskap i Norge dei siste åra.

Mens den omfattande arbeidsinnvandringa har ført til ei dårlegare lønnsutviklinga i delar av arbeidslivet, har flyktningar som kjem til Norge ein langt større risiko for å hamna utanfor arbeidslivet enn andre og endar også raskare på uføretrygd enn andre innvandrarar og nordmenn. Dette bidrar til å auka ulikskapen i Norge.

Men også når innvandrarbefolkninga blir halden utanfor statistikken, aukar ulikskapen, ifølge Statistisk sentralbyrå (SSB).

SSB legg inntektsmålet P90/P10 til grunn, som viser forskjellen mellom toppen og botn i inntektsfordelinga. SSB har nyleg gjort berekningar som både inkluderer og held innvandrararbefolkinga.

«(…) selv om økningen i innvandrerbefolkningen ser ut til å forklare mye av økningen i inntektsulikheten de siste årene, går det likevel fram av figuren at selv om vi utelater innvandrerbefolkningen har likevel ulikheten målt med P90/P10 økt hvert år siden 2010», heiter det i rapporten Økonomiske analyser 1/2017 frå SSB.

Dette inneber med andre ord at det er blitt større forskjell mellom personar med dei lågaste inntektene (P10) og personar med dei høgaste inntektene (P90), både når innvandrarbefolkinga er inkludert og halden utanfor.

Fakta

Inntektsforskjellar:

• Auka i innvandrarar har gitt større inntektsforskjellar i Norge, men det forklarer ikkje heile veksten i ulikskap.

• Målet P90/P10 viser inntektsfordelinga mellom topp og botn. Det gir eit forholdstal mellom inntekta til den personen som er mellom desil 9 og 10 (P90) og inntekta til den personen som er mellom desil 1 og 2 (P10). Dess større talet er, dess større er inntektsforskjellen.

• Statistisk sentralbyrå har i rapporten Økonomisk analyser 1/2017 gjort berekningar av P90/P10 både med og utan innvandrarbefolkninga.

– Det er to faktorar som er viktigast for den aukande ulikskapen, seier forskar ved SSB, Rolf Aaberge, på telefon frå Paris.

Aaberge er blant dei internasjonale ekspertane på ulikskap og inntektsfordeling og var tidlegare i veka på møte i OECD, der sosial mobilitet var på agendaen.

– Det er innvandring og auka i dei totale inntektene til dei rikaste som er dei viktigaste faktorane bak den auka ulikskapen dei siste 15 åra, seier han.

Aaberge åtvarar jamvel mot å bruka P90/P10 som ulikskapsmål slik SSB har gjort i denne rapporten, blant anna fordi det ikkje fangar opp auka i inntekter som har vore blant dei absolutt rikaste.

Fest i toppsjiktet

Fagrådgivar Hannah Gitmark i Tankesmien Agenda seier det er heilt udiskutabelt at innvandring er ein faktor bak aukande ulikskap i Norge, men også andre strukturelle faktorar bidrar til den aukande ulikskapen.

– Me kan ikkje gløyma at andre ting påverkar ulikskapen, seier Gitmark.

Ho viser både til at personar med dei høgaste lønningane har vore på den feitaste lønnsfesten dei seinaste åra. Det er nemleg leiarlønningane som har auka mest, mens den fattigaste tidelen har fått stadig mindre av kaka. Lønnsutviklinga i botn har stått nesten stille dei siste ti åra, viser studiar frå Senter for lønnsdannelse.

Kutt gir større gap

Gitmark peiker også på at dei på toppen har fått auka sin del av totalinntektene. Mellom 1989 og 2010 er totalinntektene i toppen blitt nesten dobla.

– Viss ein ser på dei rikaste i Norge, så har dei auka sin del av totalinntekta mykje meir enn i mange andre land, seier ho.

– Er det ei fare for at ein forklarar for mykje av veksten i ulikskap med aukande innvandring og gløymer andre faktorar?

– Ja, det er det. Og me veit heller ikkje heilt kor mykje innvandring har påverka ulikskapen, seier Gitmark.

Ho seier at også ein fersk studie om sosial mobilitet som Frischsenteret står bak, viser at ulikskapen aukar blant nordmenn. Her finn forskarane at dei som i utgangspunktet har minst, blir hengande etter – også blant nordmenn.

Gitmark viser også til at sjølv om halvparten av barna i låginntektsfamiliar har innvandrarbakgrunn, har den andre halvparten ikkje innvandrarbakgrunn.

Ein annan faktor bak aukande ulikskap er kutt i skattane, noko eit stort fleirtal av landets leiande økonomar er einige om. Gitmark deler denne oppfatninga.

– Det er også ei openber påvirkning på ulikskap at ein kuttar i skattane til dei rikaste slik regjeringa gjer, seier ho.

annekarih@klassekampen.no

Fredag 25. mai 2018
SAMME SKOLE: 21-åringen som er siktet for drapsforsøk på en 18-åring på Holmlia har hatt et langt opphold på koranskole i Somalia. Ifølge politiet var offeret elev på den samme skolen.
Torsdag 24. mai 2018
SINNE: Alta Frp krever gransking, og fylkeslederen i Finnmark Frp mener helseminister Bent Høie må gå etter luft­ambulansekrisa.
Onsdag 23. mai 2018
KJØPER: Nordkapp kommune prøver forgjeves å kjøpe den lukrative turistattraksjonen Nordkapp-platået. I dag er det folkemøte i Honningsvåg for å øke presset på grunneier Finnmarkseiendommen.
Tirsdag 22. mai 2018
RETTIGHET: Selv om datoen viser 2018, ser Utdannings­forbundet seg i dag nødt til å aksjonere for sin menneskerett til å ytre seg fritt på arbeidsplassen.
Lørdag 19. mai 2018
SKUTT NED: Et krav om at pilotene skulle få beholde jobbene i luftambulanseanbudet, kunne vært lovstridig, mener Helse Nord. Men der tar de feil, sier eksperter på anskaffelser.
Fredag 18. mai 2018
VARSEL: Utdanningsetaten har ved fleire høve slått fast at dei ikkje har fått varsel om manglande ytringsfridom i Osloskolen. Svara frå deira eigen undersøking syner noko anna.
Onsdag 16. mai 2018
SMELL: Opposisjonen rasar mot regjeringas forsvarsbudsjett. Ap seier ja takk til å finne nye fleirtal i Stortinget – på tvers av forliket med regjeringa.
Tirsdag 15. mai 2018
ID: Alle bør få fri på muslimenes helligdag id, mener leder av Norges kristelige studentforbund Ingvild Yrke. – Det er bare å kondolere, sier Mazyar Keshvari (Frp).
Mandag 14. mai 2018
KRASJ: Partene i luftambulansekrisa skal møtes, men løsningen er i det blå. Flygerforbundet advarer om at pilot- og teknikermangel vil bety at bered­skapen bryter sammen.
Lørdag 12. mai 2018
PÅ VIPPEN: KrF åpner for å støtte anbudsstopp i luftambulanse­tjenesten.

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk