Klassekampen.no
Lørdag 1. juli 2017
8arkivillustrasjon: Knut Løvås, knutlvas@gmail.com
Det er den amerikanske draumen dei ber på.
Den «kvite bermen» i USA er fanga i sin eigen myte

Vi som skriv bøker har ofte ei kjensle av at vi har dårleg tid, og berre må lesa det som vi på ein eller annan måte har akutt bruk for. Den tvilsame peergyntske læresetninga om at man skal ei læse for at sluge, men for at se hvad man kan bruge, skriv vi kanskje ikkje under på, men vi lever i praksis slik.

Derfor hadde eg ikkje i første omgang tenkt at eg skulle lesa «White Trash» av den amerikanske historikaren Nancy Isenberg, som min venn Helge Rønning rådde meg til å sjå nærare på. Men da boka med undertittelen «The 400 year Untold History of Class in America» brått lyste mot meg i ein bokhandel på Karl Johan i Oslo, plukka eg henne ned, og Isenbergs bok har blitt denne sommarens mest frydefulle, skakande og tankevekkande lesnad.

Det er gått opp for meg at den kvite og fattige underklassen som heia og stemte Donald Trump fram til presidentembetet har vore der heile vegen, fordi dei lever i den amerikanske myten om at alle menneske har same høve til å nå til topps på samfunnsstigen, berre dei arbeider hardt nok for det.

Denne myten har i fire hundre år usynleggjort den himmelropande klasseskilnaden mellom den kvite eliten og den fattige kvite underklassen, som har vore håna og forakta under hundre skiftande nemningar: crackers, squatters, rednecks og hillbillies. I moderne tid har den amerikanske venstresida, og vi med den, overordna raseskiljet over klasseavgrunnane og prioritert minoritetspolitikken framfor økonomisk ulikskap. Heile vegen er det lagt til bøtter med moralisme, der søppelet blant dei kvite, altså dei fattige, er blitt forklart med at dei er late, degenererte og udugelege.

Gjennom lange nærportrettar av amerikanske presidentar, frå Thomas Jefferson til Bill Clinton, får Nancy Isenberg også fram at Donald Trump, retorikken hans og faktene hans på ingen måte er så eineståande som framståande kommentatorar i Norge og andre stader vil ha oss til å tru. Mannen samlar opp i seg eigenskapane til ei rekke leiande presidentar i amerikansk historie. Kandidatane arvar fakter og politiske framferdsmåtar frå forgjengarane sine, og tar med seg alt dei kan dra nytte av frå den folkelege kulturen, og veljarane forvekslar gjerne folkeleg oppførsel med verkeleg demokrati.

Isenberg klappar ikkje veljarane medhårs når ho skriv at dei fattige kvite veljarane aksepterer svimlande avstandar i velstand, berre kandidatane liknar på dei sjølve! Trump lest som om han steig ned frå sitt overdådige penthouse på Manhattan, for å mingle med dei uflidde massane. Da han kunngjorde at han elska dei som hadde dårleg utdanning, skriv Isenberg, lente han seg til ein lett gjenkjenneleg straum i den amerikanske populismens historie

Det er denne populistiske djupstraumen Isenberg identifiserer så ettertrykkeleg at USA ikkje heilt framstår som det same landet som før. Boka teiknar eit bilde av eit land der klassespørsmålet i grunnen ikkje finst fordi alle menneske er født like. Ja, USA kom liksom på eit eller anna magisk vis unna klasseskilja i den gamle verda og skaffa seg ei historie der jord og fridom vart vunne av vanlege folk som såg utvegane til å lykkast og greip dagen.

Isenberg smørar tjukt på når ho skriv at kolonistane i det syttande og attande hundreåret var ei samansett forsamling, ikkje berre Pilgrim Fathers, men i langt større grad menn og kvinner frå dei fattige og kriminelle laga av folket, landvegsrøvarar, landstrykarar, irske rebellar og horer, eit assortiment av straffedømde som var skipa ut til koloniane for grove tjuveri eller andre økonomiske brotsverk, ei slags nåde som gjorde at dei kunne unngå galgen. Her finn ein opphavet til den fattige kvite bermen som i alle samanhengar fram til vår tid vart identifisert som dei late, moralsk degenerert og lite arbeidsvillige, dei som ikkje brydde seg om å utnytte dei vegane mot ei lysare framtid som den nye verda skapte for dei.

Skal eg gi eit glimt av korleis Nancy Isenberg i eit praktfullt språk turnerer myriadar av talande detaljar og avslørande sitat, må ein ta på seg sjumilsstøvlane og skunde seg fram til vår eiga tid, der ho set inn ironiske, til dels hysterisk morosame portrett av folk som John F. Kennedy og Bill Clinton. Den som kjem best ut av det, er overraskande nok Lyndon B. Johnson, han som hos oss fekk skulda for den Vietnamkrigen han arva frå den sjarmerande og kongelege Kennedy. Det var Johnson som sa: Dersom du kan overtyde den lågaste blant kvite menn at han er betre enn den beste farga mannen, vil han ikkje legge merke til at du tømmer lommene hans.

I ei drivande oppsummering skriv forfattaren at «det kvite søppelet er ein sentral, om enn forstyrrande tråd i vår nasjonale forteljing». Den massive uviljen mot Roosevelts New Deal-politikk, Lyndon B. Johnsons welfare program og Obamas helsereform og alle andre forsøk på utjamning, er ein gjenklang av den gamle engelske redsla for sosial nivellering som ein meinte berre ville oppmuntre dei late og uproduktive. Statleg hjelp og kollektive løysingar underminerer den amerikanske draumen.

«Den kvite bermen» er fanga i ein altoverskyggande myte som har eksistert i fire hundre år. Det er denne myten Nancy Isenberg avslører så ettertrykkeleg at boka blir sommarens store leseglede.

Artikkelen er oppdatert: 8. august 2017 kl. 15.45

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk