Klassekampen.no
Lørdag 1. juli 2017
Men arbeidsplassane mine får du aldri.
Oslove

Dette er truleg favoritthistoria til Frank Aarebrot, kanskje i konkurranse med ein vits om økonomifaget. I slutten av si regjeringstid sette Einar Gerhardsen ned det som statsvitarane seinare har døypt Elefantkomiteen. Målet var å flytte 14.000 arbeidsplassar ut av Oslo.

Grunnen til at dei kallar han Elefantkomiteen, er fordi han fødde ei mus. Det einaste som vart flytta var Nordlysobservatoriet frå Harestua litt nord for Oslo til Tromsø. No nærmar me oss grunnen til at Frank Aarebrot likar historia så godt.

Professorkollegaen hans på Universitetet i Bergen, Harald Sætren, har eit brev hengjande på kontorveggen. Eit brev frå direktøren for observatoriet, der han avsluttar med at «således må hensynet til å observere nordlys være underordnet behovet for nærhet til departementet».

Her treng me opprydding. Eg har sjølvsagt teke på meg fridomen til å setje ned mitt eige utval for å evaluere plasseringa av statlege arbeidsplassar. Heilt fritt for nærleik til departementa.

Kriminalomsorga må sjølvsagt flyttast til Nederland. Det er jo der fangane er!

Norsk filminstitutt må flytte til Geiranger, så dei kjem tett på den ekte bølgja.

Sametinget må til Oslo. Det er trass alt kommunen med flest samar. Det er nært departementet, men det er heilt tilfeldig.

Kontoret for belgisk murstein må flytte til Eigersund. Dalanebyen treng å kome seg på beina att etter trollpikkfadesen og den difor dalande pikkturismen.

Det statlege opplysingskontoret for #oslove seier seg jo sjølv. Éi avdeling i Os i Hordaland, og éi i Os i Hedmark.

Og når me er inne på opplysningskontor: Finst det éin grunn til at Opplysningskontoret for egg og kvitt kjøt ikkje ligg i Hønefoss?

PS. Ingebretsenutvalet, a.k.a. Elefantkomiteen, trur eg, hadde ingenting med nordlys å gjere, men berre la det liggje. Aldri faktasjekk ei god historie.

Vitsen om økonomifaget handlar forresten om ein prest, ein ingeniør og ein økonom som hamnar i same livbåt etter eit skipsforlis. Du kan jo tenkje deg resten sjølv.

martina@klassekampen.no

Artikkelen er oppdatert: 8. august 2017 kl. 15.46

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk