Klassekampen.no
Lørdag 1. juli 2017
Kva sa han? Det veit ingen. romersk mosaikk, 4. hundreår e.Kr.
Dei første forteljingane om Jesus sprikte i alle retningar.
Feiltrinn

Romarriket var ei militærmakt som øydela tradisjonell økonomi og undertvinga store folkegrupper. Nett som det var på det sterkaste og mest brutale, oppstod det ei religiøs rørsle blant slavar og kvinner omkring den jødiske profeten eller halvguden Jesus Kristus, som rett før han steig opp til himmelen på overnaturleg vis, hadde lova å koma tilbake og ta alle dei som trudde på han, med til paradis.

Dei møttest i løynd, for styresmaktene forfølgde dei og brukte dei som offer i bestialsk underhaldning. Men trass i desse massakrane gav dei kvarandre slik kveik at samværet dei imellom var som ein forsmak på himmerike. Dei kunne ikkje skremmast med den fælaste tortur, og etter to–tre hundreår med tyning og plaging hadde kristendomen fått så mange tilhengjarar at Romarriket snudde tvert om og gjorde han til statsreligion.

Men Jesus kom ikkje tilbake, og det lyset som dei første kristne hadde kring seg, bleikna bort. Stund om anna loga det opp med nesten same kraft som før, og rundt omkring oppstod det småsamfunn av truande som hadde den same tonen seg imellom som den tid dei gjekk syngjande i døden. Men grunnen til at kristendomen heldt fram med å breia seg, var at konge og kyrkje samarbeidde om å innføra han med tvang.

Før hadde styresmaktene berre hatt våpenmakt å kua folket med. No hadde dei fått ein reiskap til å kontrollera det gjennom samvettet. Mens suksesskriteriet til urkristendomen hadde vore lovnaden om evig liv i himmerike, var det trusselen om helvetes pine som førte han nordover gjennom Europa og heilt inn i vårt eige land.

Det var heller ikkje så lett å vita kva det var Jesus hadde sagt. Trass i at både jødar og romarar var skriveføre folk, finst det ingen dokumentasjon frå hans eiga samtid, verken om kva tid han blei fødd, korleis han døydde, eller kva han gjorde i mellomtida. Dei tidlegaste forteljingane om han sprikte i alle retningar.

Etter kvart som kyrkja konsoliderte seg, skjedde det ei kontinuerleg reinsing av jesusforteljingane. Det utvalet som står i Bibelen i dag, er berre ein ørliten del av det som dei første kristne muntra kvarandre opp med. Truleg ville dei slett ikkje kjent att den sjølvgode pedanten som leksar opp for tilhøyrarane sine og skjeller dei ut for tomsingar når dei ikkje forstår at han er Guds son.

Det verste var at kyrkja tok patent på moralen, og overtydde folk om at dei ikkje kunne gjera det gode utan rettleiing frå ovan. Det gav frie tøylar til kvar den som var frekk nok til å påstå at han representerte Gud.

Den måten islamismen breier seg på no om dagen, med vald og terror, insistering på ein allmektig far i himmelen og undertvinging av kvinnene, minner litt for mykje om korleis kristendomen slo gjennom her i Noreg for tusen år sidan.

Altfor lenge har historikarar og samfunnsanalytikarar trøysta seg med at det var eit uunngåeleg trinn på vegen oppover. I røynda var det ein blindveg som det tok tusen år å famla seg ut or.

s.skjold@online.no

Ikkje søtt, ikkje surt, ikkje bittert – men salt. Solveig Aareskjold skriv om det ho sjølv vil i Klassekampen kvar laurdag.

«Trusselen om helvetes pine førte Jesus nordover i Europa»

Artikkelen er oppdatert: 8. august 2017 kl. 15.50

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk