Klassekampen.no
Lørdag 1. juli 2017
Ikkje med mitt namn!

22. Juli

Eg er letta over at Aftenposten 28. juni publiserte Jonas Dahlbergs skisser over minnestaden for 22. juli i regjeringskvartalet. Eg er letta fysisk, estetisk, symbolsk, politisk og emosjonelt fordi mitt namn saman med namna på 5,2 millionar, som var i live 22. juli 2011, ikkje skal hamna i ein minnegravlund over dei døde. Ingen spurde meg om eg ville ha namnet mitt der. Blei Datatilsynet konsultert om planane for dette kollektive inngrepet i personvernet? Skulle dette vera kollektiv straff for terroråtaka på Høgblokka og Utøya, ei forskuving frå liv til død: Er me alle offer?

Eg er så letta over at mitt namn ikkje skal stablast midlertidig i svarte kubar for deretter å bli nedtråkka permanent i ein nasjonale minnestad for udåden 22. juli. Det ville vore til lite trøyst for mitt namn at det var omgitt av namn som Jens Stoltenberg og familienamn og vener som var i live 22. juli. Takk og lov at eg slapp unna dette memento mori der eg ville vore utan refleksjon, utan liv.

Den einaste som skulle unnsleppa massegrava var massemordaren. Hans namn skulle ikkje vera der. Hans namn skulle ikkje stablast tettare enn i 2. verdskrigens dødsleirar. Kunstnaren bed om refleksjon. Ingen har bede han om å smerta og sverta minnesåret. Soloterrorristen var den einaste som skulle unnsleppa kunstens uinnskrenka fridom. I dag i fengsel og med namnebyte, ja vel. Det er jo til å le seg i hel av! Kunstnaren bed om refleksjon.

Kva er det med Oslo, byen som Hamsun branda som ein farleg stad å vera? Kor kjem denne morbiditeten frå? Ikkje nok med den svartplata minnelunden, men også dette «Huset å dø i» ved bildekunstnar Bjarne Melgaard. Også i kunstens namn. Kva er det med kunsten? Enten det gjeld minnestader eller arkitektonisk utforming av nytt regjeringskvartal.

Ikkje utan grunn har både Oslos byrådsleiar og stortingsrepresentant Jan Bøhler teke til motmæle mot den steinørken dei såg i utkast til nytt regjeringskvartal. Terroristen må ha fryda seg i si ufrivillige borg over Festung Norwegen som her såg ut til å reisa seg. Dei to finalistane Adapt og Lysning har ansatsar til historisk og kontekstuell visdom. Eg vil reflektera over dette, om eg får namnet mitt på beina etter påkjenninga med å bearbeida det kollektive namneranet.

Eg er letta, og det er byråkratiet og politisk skjønnsemd som har letta mi bør. Det vil eg takka for. Takk òg til Aftenposten som gjorde kjend den symbolske utraderinga med grå skrift av ein heil nasjon, det vere seg ein undergangsvisjon eller eit rop om felles helbregdagörelse.

karinmoe1@gmail.com

Artikkelen er oppdatert: 8. august 2017 kl. 16.15

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk