Klassekampen.no
Fredag 30. juni 2017
EI BOK: Kan gje ein attende trua på at håpet finst.
Eit land utan ­advokatar
Livet

Psykolog Peder Kjøs skriver om det personlige og nære.

Som så mange gonger før gjer eg eit funn i den bokhandelen i Whitby: «Scribbles in the Margin» av Daniel Gray. Eg tek straks boka med til The White Horse & Griffin vegg i vegg med bok­handelen. Det heimsøkte dunkle lokale er ideelt for stille avnyting av nyinnkjøpte bøker og andre nytingsmiddel.

Daniel Gray har skrive ei hyllest til bøkene, og ein storarta apologi for alle som les, skriv, samlar på bøker og ikkje minst dei som skriblar i margen medan dei les. Han løfter fram alle moglege aspekt ved det å lesa, og ikkje minst er han fascinert av alle sider ved brukte bøker: lukta, gamle dedikasjonar, kva merker av alle slag fortel. Og han hyller eskapismen som litteraturen kan fungera som!

Det er som ein stakkar bokelskar som har dårleg sosialt samvit, senkar skuldrene og tenkjer «Puuuh!». Gray skriv like ut: «Uansett kva form og arkitektur bygningen har, så er eit bibliotek det verkeleggjorde Utopia.» Det kan forresten vera verdt å nemna at då Thomas More først skildra Utopia i ei bok i 1516, understreka han at dette var eit land utan advo­katar!

Omgrepet eskapisme vert jo mest nytta i nedsetjande og negativ meining; å flykta frå verkelegheita er jo uansvarleg og ikkje bra. Men når det gjeld litteratur og kunst, er meiningane om dette delte. Mange har påpeika dei terapeutiske og innsiktsskapande aspekta. C.S. Lewis peika på at den motsette av eskapisten, var fangevaktaren! Og Virginia Woolf skriv: «These moments of escape are not to be despised. They come too seldom.»

Dagen etter les eg i Yorkshire Post at teatermeldaren Nick Ahad nettopp framhevar desse sidene ved kunsten. Nyheitene om britiske sjølvmordsbombarar, terroraksjonar og den tragiske brannen i Grenfell Tower gnurar på trua på framtida og menneska, men gjennom ei sterk teaterførestilling i Hull om nokre kvinnelege boksarar som kjempa for å halda eit senter i lokalsamfunnet ope for folk, fekk han attende trua på at håpet finst, at me skal koma gjennom dette, saman.

htorvund51@gmail.com

Artikkelen er oppdatert: 19. juli 2017 kl. 14.33

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk