Klassekampen.no
Onsdag 28. juni 2017
Sola: Har ikkje snudd, altså.
Kvifor er runealfabetet vårt prega av rette strekar og vinklar?
Bokstavleg tala

I dag blir det bokstavleg om bokstavar. Ekte gamalt og germansk; tysk har Buchstabe, Norden har bokstav. Engelsk skilde lag med oss og innførte letter, frå latin «littera» (skriveteikn). Det skuldast ein femtegenerasjons sunnmøring som la under seg England i 1066. Han tok med seg mengder av fransk og latin. Som sette seg godt fast.

Men det var bokstaven. Han er ein «bok-stav», første leddet bok, andre leddet stav. Bok kjem frå treslaget bøk, fordi dei germansktalande for eit par tusen år sidan laga skrivemateriale av bøk; eit treslag med lite kvist. Stav er same ordet som i stav (kjepp) og skistav, noko beint og stivt – ei rett linje.

Då våre forfedrar lærte seg skrivekunsten dei første hundreåra etter Kristi fødsel, skar dei teikn med kniv i flate stykke av bøk. Difor er vårt runealfabet ikkje prega av runde linjer og sirklar, som det latinske, men av strekar og vinklar. Og dei kalla teikna sine stavar. (Stavanger inneheld same ordet – det er «stav-fjorden», ein fjord som går beint fram.)

På eit ordmøte i Bærum ei tid tilbake kom spørsmålet opp om kvifor me seier «jodd» om bokstaven j, ved sida av «je». Dei andre konsonantane våre (unnateke x og z) har jo eit einskapleg system. Me legg berre ein vokal til, framom eller attom: be, de, eff, ge, , je, , ell, emm. Dei heiter konsonantar fordi dei er bokstavar som må ha ein vokal attåt seg. Førestavinga con på latin tyder «saman», verbet sonare tyder «klinga, laga lyd». Ein kon-sonant kling altså saman med ein vokal. Vokal tyder stemmelyd og kjem frå vox på latin som tyder stemme. (Votum og votera er danna av same ordet.)

Men «jodden»? Den omtalen har me, via dansk, frå tysk. Tyskarane hadde teke den uttalen frå gresk, iota, som var det greske ordet for, ikkje j, men i! Det var bokstaven i som heitte iota, slik a heitte alfa og b heitte beta. Ordet alfabet er laga etter namna på dei to første bokstavane.

J-en fanst nemleg ikkje for to tusen år sidan – verken på gresk eller latin. Først i hundreåra etter Kristi fødsel såg j-en dagens lys. Og fram gjennom heile mellomalderen fungerte j nærast som hjelpeteikn eller alternativ til i. Slik var det lenge, hos oss faktisk lenge etter reformasjonen. Me kjenner alle skrivemåten I.C. Dahl, endå den kjende målaren heitte Johan Christan (1788-1857)!

Det blir meir om alfabetets opphav neste veke; me har så vidt løfta på sløret. Eg sluttar av med eit apropos til jonsok, Johannes-vaka, som me nett har lagt bak oss. Sola har snudd; det går mot jul igjen.

Sola snur naturlegvis ikkje. Seiemåten viser korleis nedervd ordbruk totalt trumfar vår innsikt. For ordbruk er tradisjon. Sola «snur» ikkje, det er jorda vår som endrar posisjon og stilling i si årsreise rundt sola. På same vis som at sola verken «står opp» i aust eller «går ned» i vest. Det er berre jorda som i løpet av nokre timar har snurra litt i forhold til sola. Men – krav om reformasjon i (den globale) ordbruken kan me gløyma.

sylfest.lomheim@gmail.com

Sylfest Lomheim skriv om språk i Klassekampen kvar onsdag.

«J-en fanst ikkje for to tusen år sidan – verken på gresk eller latin»

Artikkelen er oppdatert: 18. juli 2017 kl. 17.14
Onsdag 7. mars 2018
– Kva har Jens Stoltenberg, Jon Lilletun og Ivan den grusomme sams? Det var landsmøte i Arbeidarpartiet på slutten av nittitalet; eg hadde fått ordet og såg ut over eit alvorleg hav av sosialdemokratar – tenkte...
Onsdag 28. februar 2018
Ein opprådd lærar i grunnskulen tok kontakt; eit kvikt hovud i klassen hadde lurt på kvifor me seier at det er saft på termosen. Saften er då i termosen, eller...
Onsdag 21. februar 2018
No i februar kom det ei bok med tittelen «Psykisk helsearbeid». Me forstår at boka må handla om arbeid med psykisk helse. Men tittelen er ikkje uproblematisk. Han representerer det same uføret som Dagsavisen kom i den...
Onsdag 14. februar 2018
Korleis det går med Lula da Silva og presidentvalet i Brasil, er vanskeleg å seia. Derimot er det lett å seia at nasjonalspråket hans er portugisisk. Like lett å seia som at hans språk er større enn russisk. Det siste...
Onsdag 7. februar 2018
Alle lyg. Dei som seier dei aldri lyg, lyg iallfall.Dessutan er det slik at me lyg mindre om føremiddagen enn om kvelden. Så snakk med Siv Jensen før klokka ti. Det er skilnad på kor grovt folk lyg. Trur du eg...
Onsdag 10. januar 2018
Dagsrevyen har ikkje høve til å skriva Kongen om Harald.Dagsrevyen er pålagd å følgja norsk rettskriving. Punktum. Kongen med stor k er berre eit organ som held møte på Slottet om...
Onsdag 3. januar 2018
«Sexy spisesteder» var Aftenposten-overskrift i november 2017.Dei refererte ikkje til noko kjønnsleg; det var noko spennande og attraktivt. Liknande bruk av sexy såg eg i Dagsavisen.
Onsdag 6. desember 2017
Me var innom menneskespråk og biologi den 22. november. For å gjera rettferd skriv eg i dag om dyr som kommuniserer. Først den kvalitative og prinsipielle språkskilnaden mellom menneske og dyr: Viss me definerer...

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk