Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Globalisering, ny teknologi, billig arbeidskraft og deregulering aukar ulikskapen:

Større forskjellar i Norge

MED NY RAPPORT: Sjefsøkonom i NHO Øystein Dørum la i går fram ein ny rapport over tilstanden i norsk økonomi og utsiktene framover. Rapporten har denne gong eit spesialtema om ulikskap i Norge og internasjonalt.

GAP: Ein ny NHO-rapport understrekar at ulikskapen aukar også i Norge, og slår fast at dei politiske dilemma står i kø framover.

Mens statsminister Erna Solberg (H) i eit intervju med Dagens Næringsliv nyleg forsøkte å feia det brennbare temaet om økonomisk ulikskap under teppet før valkampen for alvor tar til over sommaren, gjer arbeidsgjevarorganisasjonen NHO ulikskap til spesialtema i ein ny rapport.