Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Homonasjonalistane søkjer å bruke skeiv seksualitet som rambukk mot muslimane. Det byggjer på rein og skjær historieforfalsking.

Våre falske homovener

Her om dagen kom eg over noko klokt som ein av informantane mine i Mexico skal ha sagt til ein journalist. Identitet handlar ikkje berre om korleis ein oppfattar ein sjølv, men om kven ein identifiserer seg med. Sa transgenusteoretikaren, språkaktivisten, og pioneren i filosofiundervisning for barn Elí Bartolo, som døydde i 2015. Han sette fingeren på noko vesentleg. Vi kan ikkje velje familien vår, og knapt nok kollegaene våre, men vi kan faktisk velje kven vi heng med. Det er derfor det fenomenet som tyskarane kallar Beifall von der falschen Seite (samtykke frå feil side, red.anm.) er så pinsamt. Vi kjenner oss overrumpla, og overstyrte. Nokon vil henge med oss som vi ikkje vil henge med. Slik kan vi ikkje ha det. Ein treng ikkje å vere vener med alle, men i eit demokratisk og kommuniserande samfunn skuldar vi dei vi ikkje kan vere vener med, å forklare korfor.