Klassekampen.no
Mandag 26. juni 2017
Passe tafatt: Clive Standen som Bryan Mills i serien «Taken».
Kva skjer når den mannlege helten kjem under kvinnekommando?
Kvinnedømme

Aldri hadde eg tenkt å dumpa borti eit kvinnedømme i ein spenningsserie på TV3. Det dreier seg om oppfølgjaren til Luc Bessons filmthriller «Taken» (2008) med Liam Neeson i hovudrolla som einmannshær. Serien «Taken» er flytt frå 80-talssetting til 2017 og framstiller ein ung Bryan Mills (Clive Standen frå «Vikings»). Det strir jo mot alderslogikken, men skitt au!

Bryan Mills 2017 er passe tafatt, fåmælt og nervøs for sex med ny dame, eksplosiv og råbarsk i kamp og action, flott i kropp og moves. Standen har teke stunta sjølv. Meldinga av serien i Filmpolitiet i NRK er halvblind for kva som har skjedd med Mills frå 1980. Sigurd Vik syt over at seriehelten er pjusk, men han får kred for kampscenane, men når ikkje opp i kunsten «å sparka skurkeræv».

Det har seg slik at unge Mills er under kvinnekommando. Og kvinna som leiar seriens hemmelege spesialstyrke ODNI rapporterer direkte til USAs kvinnelege president. Den som ikkje ser kvinnedømmet i serien får korkje med seg hovudbodskapet eller den nye heltens force og feel. Det er andre tider.

Luc Besson vaker i ruta. Manusforfattar Alexander Cary har produsent Besson i bakhand. Dei som har sett franskmannens film «Lucy», vil vita at Besson kan skapa heftige kvinneroller. Sjef Christina i serien styrer sine dronemenn med all den IKT som Silicon Valley kan levera. Teknologien er ikkje sci-fi, men gjenkjenneleg og reell. Rulleteksten syner at overvakingspakka i det godes teneste er «furnished by Apple».

Nemnde eg ‘dronemenn’? Jo, teamet Christina leier er superdrilla og hovudinstruksen er lydnad. Dette får unge Bryan Mills trøbbel med. Han har intuisjon og handlar i forkant og på eiga hand a la senior, men er ingen einsam ulv. Han både utfordrar og toppar teamet med sine spesielle evner. Det gir unge Wills ein intrikat, ligglågt sosial karakter. Der NRKs mann ser ein svekka arvtakar, ser eg ein hybrid oppfølgjar under akutt impulskontroll av basisplott og kvinnesjef: å hemna mordet på ei søster.

Regissør Romeo Tirone toppar crewet i 8. episode.

Den endar i ei spesiell bortføring, jamfør seriens tema «taken». Ein israelsk superagent dukkar opp i kvinnedømmet. At ho skal avverga drap på ein israelsk minister, er no ein sak. Leah og Christina er kjenningar frå internasjonale oppdrag. Leah veit meir enn mange, seg sjølv medrekna, har godt av. Ho tar rakt ut ein iransk angripar. Senioragenten ser seg ut unge Mills: «Du har eit snilt ansikt.» Innforstått: elles passe slem? Korleis ho psykar ut heile ODNI – akronym ikkje avslørt – og fullfører sin eigen mission, må berre nytast, skarpt levert! Berre Bryan les Leah og får skåla ved hennar føter.

Artig her å sjå filmskapar Besson underkasta sjanger og format, ja, nettopp kvinnedømmet. Undergravande?

Som politisk frampeik er det skummelt at USA med kvinneleg president opererer utanom demokratisk kontroll a la Ivanka Trump. Men det frydar meg at kvinnedømmet tidvis får overtrumfa serieresepten og framleis har Luc Bessons signatur.

karinmoe1@gmail.com

Forfattar og litteraturkritikar Karin Moe kommenterer aktuelle saker frå sidelinja kvar måndag.

«Nemnde eg ‘dronemenn’?»

Artikkelen er oppdatert: 17. juli 2017 kl. 16.36

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk