Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Britiske homoutstillingar gjev eit elitært og merkeleg kjønnslaust bilde.

Kven si historie?

Eliteperspektiv: Utstillingen «Gay UK» på British Library gjev inntrykk av at kvalifiseringsgrunnlaget for å leve eit skeivt liv var å disponerte eit mindre slott, skriv Stephen Walton. Foto: FrÅ utstillinga

Snart Pride! Eller snart og snart, eg ser på programmet at somme alt har tjuvstarta, men no er vi inne i Pride-veka. Som dei fleste veit, er Pride lagt til denne veka for å minnast opptøyane i New York etter at politiet storma Stonewall Inn tidleg den 28. juni 1969. Heldigvis hender dei fleste amerikanske opptøyane på datoar når det er rimeleg gode utsikter til finvêr i Noreg, iallfall på Austlandet.