Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Jordens fordømte: Hos Frantz Fanon ligg det innsikter om kvifor vi lever i ei verd der hat og sinne breier om seg.

Historie om vald

I Agora sitt temanummer om Frantz Fanon blir spørsmålet om vald stilt i fleire artiklar: Kva slags situasjonar kan forsvare eller forklare bruk av vald? I «Jordens fordømte» (1961) forsvara Fanon valdeleg motstand mot kolonistyret, og i visse kretsar blir han brukt som skremmebilete på ei venstreside som herleggjer vald. På lanseringa røpte sentrale Agora-aktørar at det har vore eit mål å redde Fanon frå den misforstanden og misbruken som Civita-ideologar og andre har utsett han for.