Du kan bla til neste sideBla med piltastene

• Trekol skal få ned klimautslepp frå norske smelteverk • Elkem vurderer eigne plantasjar i utlandet

Vil importera tre til Norge

REINARE: Elkem vil gjera produksjonen sin reinare gjennom å erstatta fossilt kol med trekol. Men norsk tre kan bli for dyrt for industrikonsernet og import av billigare tre frå utlandet kan bli løysinga. Foto: Elkem

TRE: Når Elkem no gjer det grøne skiftet frå fossilt kol til trekol, reiser dei ut i verda for å finna skog. Norsk skognæring er for lite utvikla, seier selskapet. Dei vil ha statleg støtte til skogimporten.

Elkem AS jobbar hardt med ein plan for å få ned klimautsleppa frå sine norske smelteverk med 40 prosent innan 2040. I dag blir fossilt kol brukt i smelteomnane i prosessen med å framstilla silisium mellom anna til solindustrien. No vil dei i stor skala gå over til biokarbon i form av trekol og treflis.