Klassekampen.no
Mandag 19. juni 2017
På landet: Det går alltid en buss.
Går det an å leva og jobba i distriktet utan bil?
Tråkk’n Roll

Ap vil gjera kollektivtransport til stor sak i valkampen. Javel, men då må Jonas & co stikka fingeren i ein landsveg. Det er det god tid til i busskuret, viss det finst. Mitt bidrag til opplysing har alt pågått i tre månader: Bilen står og eg køyrer kollektivt. Dette er ikkje Oslo og buss og bane med minuttar mellom og syklistane i eigne felt. Eg har budd tiår i Oslo og det går på fram, sidan eg køyrde ned ein syklist i Sognsveien på 80-talet. Men i periferien?

Går det an å leva og jobba i distriktet utan bil? Det går ikkje, seier dei heimflytte. Sjølv dei grønaste skaffar el-bil og stasjonsvogn til familien. For ein skal ha hav av tid og tålamod for å leva trafikalt kollektivt her. Og bråbrems på sykkelen når brakabusken tar deg. Kor blei det av sykkelstien?

Populært og symboltungt er det likevel å profilera seg som sykkelby. Under Byfest i helga gjekk Haugesund-Karmøy ut med kampanjen Tråkk’n Roll. Det høyrest hip ut, men sanninga er at der ikkje eingong finst kvit stripe med felt for syklar på den smale fylkesveg 47 over Karmøy. Sykle for livet?

Dei smarte familiefolka er i ferd med å bli bompengeflyktningar. Folk busett seg nær senter og småbyar langs bane og/eller god busstilgang til større byar. Det er lett å skjøna. Månadsbudsjettet for bompengar her på Karmøy ligg rundt 3500 for ein familie på fire – fem, med to bilar. Der finst innfartsparkering, men kopling til lokal buss er ikkje å lita på og geografisk dekning er skral.

Tilmed Oslo er midt oppe i denne demotrafikale endringa, med nettotilflytting i 2016 på særs låge 66 personar. Det vil bli bustader nok. Folk rømmer bomringane og kor er så bilane som skal nytta dei nye motorrvegane?! Parkert på innfartsparkering eller på kortærend i lokalmiljøet.

Kva er så mi røynsle som kollektivtrafikant i periferien? Den er blanda. Overgangen frå solotrafikant vart særs blanda. Eg opplevde det som mange besteforeldre har opplevd: barnehagesjokket. Eit halvår med deling av gul og grøn snott og alskens lokale og internasjonale infeksjonar. Eit avbøtande tiltak som eg vil råda Jonas og fellestransporten til, er kollektivvaksine. Denne er ikkje utvikla enno og må bli årsdekkande. I bussen rår kollektiv bakterieflora. Her er framande kulturar i vekslande ventilasjon med asylantar, immigrantar, uvaksinerte ungar og flyttfugl som eg. Overgang til kollektivtransport har medført tapt arbeidsforteneste og færre turar på strendene. Håpar minglesykja snart gir seg.

Så er det alt det fine. Betala med mynt. Digitalfri, ingen bompengar. Snart kjem tikroners-billetten. Høg innstiging ruskar opp i rustne hofter. Sjå og oppdaga kor ein bur. Der kom ein klovn med raud nase på. Og til glede for mammen, fekk ein bedugga medpassasjer roa ned illskrikande tvillingar. Fyren dunsta på dei og formante eitt-åringane: «Slutt å gaul elleso kjeme kje julanissen med pakka te dåke i år!» Fred vere med oss. Bussen går.

Tal ikkje til meg, politikarar, utan kollektivpraksis. Ta heile landet i buss!

karinmoe1@gmail.com

Forfattar og litteraturkritikar Karin Moe kommenterer aktuelle saker frå sidelinja kvar måndag.

«Ein skal ha hav av tid og tålamod for å leva kollektivt»

Artikkelen er oppdatert: 8. august 2017 kl. 11.05

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk