Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Nestekjærleiken var like utbreidd før som etter kristninga.

Norrøn samaritan

Sidan midt på attenhundretalet har norske skulebarn blitt fortalde at innføringa av kristendomen var ein føresetnad for utviklinga av sivilisasjonen. Det fekk ikkje hjelpa at Olavane Tryggvason og Haraldsson var nokre fælslege valdsmenn som drap og lemlesta dei som nekta å omvenda seg: Alternativet var endå verre, for heidningane åtte verken samvit eller ansvarskjensle, og slo ihel alle som stod lagleg til for hogg.