Lørdag 17. juni 2017
Oppfinnsam: Lars Mørch Finborud. Foto: Anniken C. Mohr
Knask og knep!
Original: Lars Mørch Finborud sjonglerer samtidssatire og snurrepiperier i sin nye roman.

ANMELDELSE

Nyleg blei manuset til ein uutgitt roman av Jens Bjørneboe henta opp frå Nasjonalbibliotekets arkiv. I eit intervju her i avisa uttalte Therese Bjørneboe at «Skapsprengeren Manfreds oppstandelse», ein politisk satire, har kvalitetar som ein kan sakne i dagens litteratur: «I dag er folk så helgarderte og redde for å si noe feil». Det kan ein saktens seie seg samd i, om enn ikkje i dei lukkelege dagane ein sit med Lars Mørch Finboruds «Ozenfant, Ozenfant» i nevane.

For om Finborud heilgarderer seg, så er det ei gardering som skal sikre at ingen – frå det minste «forværelsesfjols» til dei største idémakarar – slepp unna harselasen hans. Og om han er redd for noko, må det vere for å skrive noko som ikkje står i stil med førelegget, Rocambole Pedersens «Den forsvundne pølsemaker» (1919).

Eg heldt meg til å sjå den legendariske filmatiseringa av Pedersens krim-parodi, med Leif Juster i rolla som detektiv Stein Rask. I Finboruds roman har mesterdetektiv Ambrosius Fjord overtatt rolla og replikkane til Rask. I tillegg til å ha etternamnet til ein Solstad-karakter og eit fornamn som ligg på leppene til alle greske gudar, er Fjord ein respektabel konkurrent av Harry Hole og Varg Veum, og kan minne om Don Quijote i sine heroiske ambisjonar om å redde ei verd som er i ferd med å miste kontakt med sine menneskelege sider. Fjords oppdrag er å finne Ozenfant, som her har fått rolla til den bortkomne pølsemakaren: «Ozenfant, Ozenfant, hvor har du gjort av deg?»

I motsetnad til med pølsemakaren får vi faktisk vite kvar Ozenfant har gjort av seg. Ozenfant er skrivaren i dei delane av romanen som ikkje følgjer Fjord. Han er lagt i lake, inne i eit elastisk hylster som omgir heile lekamen hans; ei slimete hinne der han ligg i «en sedimentær lagkake av sekret, fett, vev og svamplegemer». Korleis skriv ein i ein slik tilstand? Jo, ein skrapar og rissar spegelvende ord i hinna, slik at rissreferentane på den andre sida kan vidareformidle skrifta til lesaren.

Ozenfants sjølvforaktande vedkjenningar gjer han til ein moderne avart av Dostojevskijs kjellarmenneske. Han har gjort lynkarriere i akademia, men tatt ein opportun avstikkar til det private næringslivet, der han utnyttar genteknologi for å skape utbytte på kjøtmarknaden: Kebab er den nye oljen!

Forskinga skal kome folk til gode: «Jeg er en vulgarisateur», seier han. Han vil truleg også slutte seg til det detektiv Fjord seier: «Etiske grenser er til å skue ut over».

Ozenfant er ein slags transhumanist, men ideologisk sver han like gjerne til Giulia Enders’ «Sjarmen med tarmen» som til Peter Singer og avleggjarane hans. Om kjøtet er den nye oljen, er tarmen den nye hjernen. Det vil seie, her skil ein konsekvent mellom «hodehjernen» og «tarmhjernen», for når Ozenfant byrjar å lytte til tarmane, opnar forskinga hans for innsikter som snur om på både vitskapleg og menneskeleg rasjonalitet: «Vi trenger tarmen for å vise oss veien hjem, ut av sinnets fengsel». Det utviklar seg til ein omvendt eugenikk, der «fornuftens hegemoni» skal undergravast gjennom iherdig arbeid for biologisk devolusjon. Når Ozenfant opnar armane og omfamnar visdomen i tarmane, byrjar også lesaren å lytte etter kviskringa frå sine eigne, indre korridorar.

Ozenfant er ein akademisk wunderkid, og romanen om han er eit wunderkammer av litterære raritetar. Blandinga av blautkokt krim og hardkokt idéstoff, tarmslyng og transhumanisme, påhitt og parodi, gjer romanen til like hjernetrimmande som hjerneluftande lesing. Innskotne sketsjar og utpønska dramatiske vendingar er levert med ein finesse som er Brødrene Dal verdig, og setningane er alltid tima og tilrettelagt: «Vi er blitt belurt!» Mangfaldet av velkjende knask og knep utgjer til saman ein original roman, som er ein kunstkurator som Finborud verdig. Eg sver at eg høyrde romanen romstere i postkassa mi då eg henta den.

Det er mykje som er usagt her, både om brodden mot verkelegheitslitteraturen og om Rabelais og andre rabagastar. Dessutan står det att mange mysterium som eg ikkje har rokke å pønska på, til dømes om kva Ozenfant har å gjere med sin franske namnebror, kunstnaren og kritikaren Amédée Ozenfant.

Uansett hadde eg ikkje trudd at eit estetisk og ideologisk samanslyng av tarmar og transhumanisme skulle sende meg ut på vårens lystigaste litterære luftetur.

bokmagasinet@klassekampen.no

Lørdag 19. august 2017
Domfelling: Helga Hjorths debutroman, «Fri vilje», reiser spørsmål om forskjellen på jus og litteratur.
Lørdag 12. august 2017
Neshov: Lavmælt, sår og kontant formidling av det som splitter og det som binder menneskene sammen.
Lørdag 5. august 2017
Manipulasjon: Geir Hestmarks monumentale biografi viser hvordan ettertidens forskere gjemte bort Jens Esmarks oppdagelse av istiden.
Lørdag 24. juni 2017
Evig krise: Hellas’ tidligere finansminister Yanis Varoufakis har en skarp analyse med uklar konklusjon.
Lørdag 17. juni 2017
Original: Lars Mørch Finborud sjonglerer samtidssatire og snurrepiperier i sin nye roman.
Lørdag 10. juni 2017
Tvist: Barnefordeling tangerer innvandringsdebatten i temperatur.
Lørdag 27. mai 2017
Kråkas song: Max Porter går i dialog med den britiske nasjonalskalden Ted Hughes for å gi sorgen et ansikt: en kråke.
Lørdag 20. mai 2017
Kunsten å gå: Han ville få folk ut i naturen for å åpne sansene. Men hva fant egentlig Henry D. Thoreau?

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk