Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Kva kan born tåla å ikkje lese om?

Kor tidleg er det greitt å introdusera born for døden? Spørsmålet fekk eg i førre veke av ein NRK-journalist, i samband med at Noregs Mållag har valt å gje Nynorsk barnelitteraturpris 2016 til min ungdomsroman «Engel i snøen». Dagen etterpå (9. juni) hadde Klassekampen ein større reportasje om død i barnelitteraturen. Der spør Liva Johanne Ehler Molin om kor grensa går for kva barn kan tåla å lesa om.