Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Reproduksjon Norske kvinner føder færre barn. Burde me læra av forfedrene våre eller heller tenka på jordkloden?

Eit fruktlaust land

Dystopi: Kampen for å regulera kvinners reproduksjon er tema i tv-serien «The Handmaid’s Tale». Serien skildrar eit post­apokalyptisk samfunn der fertiliteten har gått dramatisk ned. Ei kvasireligiøs sekt har teke kontrollen og gjev fruktbare kvinner tittelen «handmaid» – tenarinne. Dei blir tvinga til å ha samleie med menn for å halda folketalet oppe. Etter fødselen må dei gje frå seg barnet til ein overklassefamilie. Foto: Take Five/Hulu

I første mosebok gjev gud Noah og sønene hans ein klar beskjed: