Klassekampen.no
Onsdag 14. juni 2017
Illustrasjon: Knut Løvås, knutlvas@gmail.com
Økonomane bør sjå nærmare på ideane til klimaforskar James Hansen.
Effektiv karbonavgift

USAs romfartsadministrasjon Nasa har verdas beste instrument for måling av den globale temperaturutviklinga. Ifølgje Nasa sine data var den globale gjennomsnittstemperaturen på landjorda i 2016 korrigert for effekten av El Niño 1,07o C over gjennomsnittet i perioden 1880–1920. I Arktis var temperaturen ca. 3o C høgre. Faktisk var 2016 det varmaste året sidan 1880, medan 2015 var det nest varmaste og 2014 det tredje varmaste. Eit anna viktig trekk er at den globale temperaturen på landjorda begynte å stige raskt og jamt først rundt 1970. Det året var den globale landtemperaturen cirka 0,25 oC over gjennomsnittet i 1880–1920. Med ei lineær forlenging av trenden etter 1970 vil temperaturstiginga passere det såkalla togradarsmålet rundt år 2050.

Like urovekkande er Nasas data for auken av CO2 i atmosfæren, frå cirka 310 ppm (delar pr. million) i 1950, til ein historisk rekord på 406 ppm i april 2017. FNs klimapanel peikar på at klimaendringa reagerer tregt på konsentrasjonen av CO2 i atmosfæren. Det betyr at sjølv om netto karbonutslepp straks blir null, slik at CO2-konsentrasjonen stoppar å auke, vil den globale gjennomsnittstemperaturen halde fram å stige i lang tid framover.

I dette perspektivet er ikkje det verste som har skjedd at president Trump har trekt USA frå Parisavtalen. Denne avtalen har målsettingar som det står fritt for alle signaturland å bryte. Avtalen inneheld ingen konkrete forslag til effektive tiltak for å nå målsettingane. Til dømes Tyskland har ei offisiell målsetting om at i år 2020 skal utsleppa av drivhusgassar vere reduserte med 40 prosent i forhold til utsleppa i 1990. I 2016 var reduksjonen 28 prosent, og føderalstatens miljøkontor slær fast at med noverande tiltak er det umuleg å nå dei resterande tolv prosent i løpet av fire år. I Norge ser vi det same: store ord om høge målsettingar, men fråvær av effektive tiltak.

I september 2015 publiserte OECD og Verdsbanken rapporten «The faster principles for successful carbon pricing». Her er nokre hovudtrekk ved dei seks prinsippa som økonomane bak rapporten reknar opp: 1. Rettferd (fairness), det vi seie unngå konkurransevriding og urimeleg byrde på fattige hushald. 2. Samsvar mellom målsettingar og praktisk politikk. 3. Stabil prisauke som er kjend på førehand. 4. Transparens og enkel prising. 5. Kostnadseffektivitet, det vil seie tilpassingsfleksibilitet for bedriftene. 6. Integritet. Prisinga må dekke alle fossile brennstoff og alle økonomiske sektorar og hushald.

Når det gjeld praktiske tiltak, endar rapporten opp med å diskutere eit virvar av forbruksavgifter som slett ikkje minner om transparens. Det har ikkje falt forfattarane inn at det kan vere enklare å legge karbonavgifta på CO2-innhaldet i produksjonen av fossile brennstoff, slik geofysikaren og klimaforskaren James Hansen først foreslo. (Sjølvsagt er ikkje Hansen nemnd i den rikhaldige litteraturlista.)

Hansen er klar over at forslaget hans er basert på å bruke marknadsmekanismen i kapitalistiske økonomiar. Derfor samsvarer det perfekt med dei nemnde økonomane si prinsippliste: Fossilselskapa skal påleggast ei avgift på CO2-innhaldet i produksjonen av fossile brennstoff, altså ved gruvesjakta og oljebrønnen eller ved importhamna for import av fossile brennstoff frå land som ikkje har innført avgifta. For import av andre varer blir avgifta lagt på deira karbonavtrykk som det er fullt muleg å estimere med dagens datakapasitet. Avgifta skal auke raskt og jamt kvart år med beløp som er fastsette på førehand. Hansen presiserer at avgifta ikkje skal vere ein skatt, men skal ha som einaste formål å vri produksjonen og forbruket frå fossil til fornybar energi. Minus administrasjonskostnader skal derfor heile avgifta bli betalt tilbake til befolkninga, med like store beløp per innbyggar.

Norske økonomar har visst ikkje merka seg at sjølv dei høgreorienterte amerikanske økonomane Martin Feldstein og N. Gregory Mankiw sluttar seg til Hansens forslag, som dei meiner kan presse ned produksjonen og forbruket av fossile brennstoff før det er for seint. Dei refererer ei meiningsmåling som viser at 67 prosent av amerikanarane støttar Hansens forslag («The conservative case for carbon dividends», Climate Leadership Council, februar 2017). Då er det vel på tide at også norske økonomar og politikarar fattar interesse for dette forslaget?

rune.skarstein@svt.ntnu.no

Økonomane Morten Jerven, Erik S. Reinert, Rune Skarstein, Camilla Øvald, Chr. Anton Smedshaug og Ebba Boye skriv onsdagar i Klassekampen.

Artikkelen er oppdatert: 29. juni 2017 kl. 15.31

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk