Klassekampen.no
Onsdag 14. juni 2017
Sanneleg, sanneleg seier eg dykk, vegane til orda er uransakelege.
Ordelivet

I Apostelgjerningane 26,14 står det om Paulus at på vegen til Damaskus for å straffa tilhengjarar av Jesu lære, blir han slegen til jorda av eit sterkt lys, og ei røyst lyder: «Kor lenge vil du stampa mot brodden?» Uttrykket kjem frå bondekvardagen. Viss oksen var sta og gjekk bakover, fekk han kjenna piggen.

Dette bibelske kom for meg då eg tenkte på Aftenposten. Dei skriv framleis Brexit, endå dei veit det er feil. Andre skriv nemleg mønstergyldig, til dømes Dagsavisen, som den 23. mai trykte både brexit og frexit.

Eg stegar vidare til to karar: den mest kjende fotballspelaren og den mest kjende heimvende sonen. Begge med same namn som Jesus. At dette så langt ikkje ein einaste gong har vorte trekt fram av reporterar, ser eg på som sviktande bibelkunnskap. Joshua King og Joshua French har same hebraiske førenamn som rabbien frå Nasaret. Det var først då forteljingane om rabbien kom på gresk at namnet fekk forma Jesus. Eit namn som på hebraisk tyder ‘bergaren’, nett det same som våre Birger, Berge, Byrre og Børge tyder på norsk. Børge Brende har litt å leva opp til ...

Nyleg kom det ut ei bok om Jesus på norsk, skriven av religionshistorikaren Reza Aslan, med tittelen «Seloten». Selotane var ei jødisk sekt på Jesu tid, og boka forklarer korleis rabbien truleg var påverka av denne sekta. Ordet er gresk, zêlos, og tyder den ivrige, nidkjære, fanatiske. Etter nokre hundre år kom ordet til fransk, der hankjønnsordet zèle stadig betyr vera nøye, oppslukt. Men – etter ei stund vart det også danna eit adjektiv av ordet, med den meir franske skrivemåten jaloux. Dét vart i moderne tid importert til norsk og etter kvart norvagisert, som det heiter, til sjalu. Sanneleg, sanneleg seier eg dykk, vegane til orda er uransakelege.

Under omsetjinga av den nye bibelen (2011) var det blant mange orddiskusjonar også ein runde på lekam/legeme og kalk i nattverdsforteljinga. Omsetjingsgruppa landa samrøystes på kropp og beger. Men eg høyrer bibelinteresserte diskuterer ennå.

Saklege debattantar bør meina at den greske grunnteksta skal omsetjast mest mogeleg korrekt. Alt anna er å vanvørda Guds ord. Det greske ordet som er lagt i Jesu munn, er eit ord for levande kropp, i kjøt og blod. Kva tyder så lekam/legeme på norsk? I regelen noko daudt – bokmål har ord som banelegeme, himmel-legeme, og formuleringa «legemet ble vasket» indikerer gjerne ein død person. Altså er legeme/lekam om lag det motsette av det Jesus ville formidla; poenget hans var nettopp det levande. Det måtte bli kropp. (Den latinske bibelen har forresten òg corpus ...)

Ordet kalk seier lite anna til norskbrukarar enn at det er noko kvitt som kan smørjast på vegger. Ordet Jesus brukte, var eit vanleg ord for noko ein drikk av. Kalk er altså ikkje brukande. Det vanlege og lettforståelege skal omsetjast med noko vanleg og lettforståeleg. Det er abc i omstjingsteorien. Amen. Aktuelle norske ord blir dermed beger, staup, glas, kopp og så vidare. Me valde beger.

Det bibelske ordelivet bidreg med mykje til jordelivet.

sylfest.lomheim@gmail.com

Sylfest Lomheim skriv om språk i Klassekampen kvar onsdag.

«Det vanlege skal omsetjast med noko vanleg»

Artikkelen er oppdatert: 29. juni 2017 kl. 15.32
Onsdag 9. mai 2018
Ingen månad er så prega av kunnskapsprøving som mai. Her kjem eit bidrag til eldre som ofte er rådgjevarar, og til yngre som er utøvarar.Først -ning og -ing: -ing fortel om handling,...
Onsdag 2. mai 2018
Den 1. mai byrja i 1889. Og rørsla, die Bewegung, the movement, le mouvement har halde seg. Fordi mange nok stiller opp. Men eg melder eit sakn: Eitt ord var mykje fråverande i talane i går,...
Onsdag 25. april 2018
«Wara for Listhaug» var Klassekampens kreative overskrift i byrjinga av månaden. Den nye ministeren kom som vara for den tidlegare ministeren... Ein desktiar og blink me ikkje ser kvar dag. Etternamnet til...
Onsdag 18. april 2018
Aker og Acer, fru Blom? Acer er, dessverre, i ferd med å bli eit av årets ord. Kva tyder det eigentleg, dette som også går under omtalen «den tredje...
Onsdag 11. april 2018
Livet vaknar i april. Latin aprilis er «den som opnar (året)», opplyser norske ordbøker. Den autoritative franske Grand Robert skriv derimot at april har kome frå gresk
Onsdag 4. april 2018
Turid Farestvedt (og nokre til) lurer på dette med aksentar. Ho ser eg skriv òg (også), for å skilja det frå bindeordet og. Uttalen er jo den same – /åg/. Eit betimeleg spørsmål.
Onsdag 28. mars 2018
Eg vil på ingen måte vera respektlaus i påskeveka. Men det er så mykje påskestoff i dei fleste aviser at eg i dag vel å skriva om noko så aktualitetsuavhengig som ‘skål’. Eg presiserer igjen, for å møta all eventuell...
Onsdag 21. mars 2018
Ein vaken lesar, Tore Været, gjorde merksam på at i same nummer av Klassekampen som eg skreiv om forleddstilknyting, stod det, tre sider lenger bak, om ferjefri E39 på Vestlandet. SV ville slå eit slag for

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk