Tirsdag 13. juni 2017
Offerlammet: Det er dyrt og vanskeleg å halde ulven unna, og eit åtak har store seinskadar, skriv artikkelforfattaren. Foto: Heiko Junge/ NTB Scanpix
Det er ikkje så enkelt å halde rovdyra unna beitemark og gardsbruk som ulvevernarane vil ha det til.
Ulven, sett frå sauegarden

kronikk

Eg har ikkje så veldig skarp penn og er heller ikkje så veldig opptatt av politikk. Til dagleg vil eg gjere det eg kan, og det er å vere sauebonde. Men å sitje og sjå og lese om dei tragediane som skjer på Hadeland, i Oppland og i Akershus for tida, er frykteleg. Det er ei sinnssjuk påkjenning for beitedyra, for eigarane og for heile beitenæringa. Det var dette vi ville unngå då vi demonstrerte i Oslo i vinter. Det er dette vi har åtvara mot og protestert mot. At regjeringa, Vidar Helgesen og resten av politikarane stort sett sit tause og ser på, er ein like stor tragedie. Men nok om politikarane.

«Dette visste bøndene når de slipper uskuldige dyr ut i utmarka», er omkvedet frå vernesida. Nei! Dette visste dei ikkje! Det er ingen som veit kvar rovdyra er til kvar ei tid. Hadeland er langt unna den «sona» som er tredd ned over hovudet på dei stakkarane som bur der. Hadeland er beiteprioritert område. Beiteprioritert vil seie at beitedyr har førerett.

Eg bur ikkje på Hadeland og veit ikkje nøyaktig kva for topografi eller eigartilhøve det er i det området, men eg kan gje eksempel frå mitt eige område i Agder.

Eg eig sjølv om lag 2000 mål av mitt beite, og har avtale med fleire grunneigarar så eg disponerer totalt om lag 8.000 mål. Hos meg har eg det som kallast «null beite», det vil seie at det er mykje stein og låg bonitet, så sauen må grase vidt omkring for å finne den næringa han treng. Eg har turiststiar tvers igjennom beiteområdet, mange av dei ligg på mine 2000 mål.

Kva skal eg gjere for å halde rovdyra unna? Ulvevernarane meiner dei har svara: Bøndene kan skaffa seg rovdyrsikre gjerde, bruke gjetarar, ha dyra heime, og bruke vakthundar eller lama til å jage bort rovdyr.

Kostnadsoverslag for rovdyrsikkert gjerde er 300 kroner per meter. Kven har nok pengar og sjanse til å sette opp eit slikt gjerde over 8000 mål? Og ikkje minst halde tilsyn med eit slikt gjerde. Mine 100 vinterfôra sauer (som blir til 300 dyr sommarstid) kan ikkje dekke opp for ein slik kostnad.

Om gjetarar skal vere løysinga, klårar eg heller ikkje å få reknestykket til å gå opp. Med låglandshei, mykje stein og låg bonitet må flokken spreie seg for å finne rett mat. Då trengst det nesten ein mann per søye 24/7. Sauene mine får tilsyn fleire gonger i veka, men å dekke 8000 mål på ein dag … prøv det den som vil! Sauene mine har GPS-sendarar og merkeslips. Dei er spesielt avla for å gå i sitt område, og det har mødrene før dei vore i 40 år. Eg har et normaltap på mellom 0 og 2 prosent når ikkje ulven har vore på besøk. Men i fjor for tapet opp i 25 prosent etter ulveherjing! I tillegg til å fly på heia og sjå til sauene, har eg ein gard å drive. Vinterfôret må i hus, og eg må vedlikehalde jorde, gjerde, maskiner og bygningar.

Vi har alle dei dyra heime, som ikkje er skikka til å ha sommarferie på heia: For små lam, halte dyr og dyr som ikkje har utvikla seg rett. Faktisk har vi større tap heime enn på heia, normalt. Men skal hele flokken gå heime, så må eg ha 100 mål meir dyrka jord enn eg har. Ein sau treng om lag tre mål med jorde for å produsere. Eg rår over om lag 150 mål slåttemark, totalt 200 mål. Så då har eg 100 mål for lite. Mine 200 mål er fordelt på 25 forskjellige lappar, som er heilt vanleg i tronge dalar. I dag har eg om lag sju km med gjerde å halde ved like. Gjerdekostnadene på innmark ligg mellom 90 og 150 kr per meter. Har eg sauen på innmark lenger enn til om lag 1. juni, går det også ut over vinterfôret.

Dessutan er ikkje dyra sikrare mot rovdyr heime på jordet enn i utmarka. Det er vår erfaring, etter at ein streifulv hausten 2013 drap åtte sauer i bygda, i løpet av ei natt. Den niande søya kan ha prøvd å rømme frå ulven ved å leggje på svøm, for ho fann vi aldri att.

Kor mange vakthundar må eg ha når sauen beitar spreidd? Og med turiststiar tvers igjennom området – med folk, ungar og hundar. Vaktarhundar er til for å gjete ein flokk og vil bli aggressiv mot alle som kjem for nær.

Det er også dokumentert at lama ikkje står imot ulv. Og eg trur ikkje det vil bli populært i turistnæringa om det plutseleg går ein flokk lamaer på fjellet. Dessutan er lama eit kameldyr, og Mattilsynet åtvarar sterk mot å ha lama og sau saman på grunn av smittefare. Med lama i flokken vil eg automatisk bli neikta å selje dyr, møte på sauesjå og ta del i organisert avlsarbeid.

Kva for alternativ har eg då? Eg kan slutte med sau. Kva skal eg leve av? Eg har ikkje uthus eller jorde tilpassa storfe. Garden er mitt levebrød som hos mange andre. Korfor skal nokon romantikarar sitje og forlange at eg skal gi opp 40 års avlsarbeid og interesse for sau berre fordi dei ønsker å vite at det spring eit rovdyr rundt i skogen?

Nei, ulven gir ikkje betre økologisk resultat i naturen. Og nei, ulven var ikkje her først. Ulveangrep har mange seinskadar, både for sauane og bøndene. Det er tragisk å sjå dyr eg har stelt med og snakka med frå dei blei fødd, liggje ihelrivne. Det er tungt å ikkje kunne drikke vatn frå ein fjellbekk fordi det kan liggje eit kadaver og rotne 100 meter lengre oppe. Det er tøft å fiske opp kadaver frå vatna på heia. Det er hardt å sjå søya gå og leite etter lamma sine, og det skjer meg i hjartet å sjå lamma rope på mor. Det er vanskeleg å sjå på at sauene får panikk når dei blir sleppt ut på eit jorde der ulven har herja med dei tre år tidlegare. Det er vanskeleg å handtere ein flokk i panikk. Det er tungt å ha lakenskrekk fordi du ikkje vil ha mareritt i natt òg. Og ikkje minst er det veldig vanskeleg å halde seg sakleg og forklåre folk korleis det er å vere sauebonde i dag.

Til de som står midt oppi tragedien nå: De har mi fulle støtte og medkjensle. Eg håper de held ut og står saman. Det er ikkje feil å be om hjelp. Det er ikkje gale å snakke til andre – og med andre – om det du føler. Og det er lov å hyle ut i frustrasjon! Stå saman. Dette kan vi ikkje la fortsette.

Artikkelen er oppdatert: 14. juni 2017 kl. 10.41
Fredag 21. juli 2017
KronikkVi tror vi kan hevde oss i konkurransen mot globale giganter, til det beste for norsk journalistikk – men bare hvis vi får mulighet til å konkurrere på like vilkår.Det er...
Tirsdag 13. juni 2017
kronikkEg har ikkje så veldig skarp penn og er heller ikkje så veldig opptatt av politikk. Til dagleg vil eg gjere det eg kan, og det er å vere sauebonde. Men å sitje og sjå og lese om dei...

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk