Klassekampen.no
Mandag 12. juni 2017
Eit førebels høgdepunkt for USAs førstegrabbar kom i Jerusalem.
Ein grepa kar

Under amerikapresidentens reise i aust og vest har det vore mykje handarbeid: fysisk manipulasjon (lat.manus tyder hand). Dei mange handgrep er behørig omtalt. Macron knokla inn ein fransk digresjon i duellen. Tafatt sabelrasling på rekke og rad i Riyadh var ein annan nedtur. Høgdepunktet for grabbaren må ha vore det doble grepet i Jerusalem.

Nett landa på Ben Gurion-flyplassen er gjesten avbilda med ei hand på statsminister Benjamin Netanyahus lår og andre handa på låret til president Reuven Rivlin. Begge lårbefølte klappar i hendene. Ikkje les dette som arrangert fake news. Sanninga er at stolen Amerikas førstemann sat på ikkje hadde armlene. Dette var ei rein naudløysing: Ville presidenten koma seg opp? Han er i den alderen då muskulaturen er noko hausta. Dermed ikkje sagt at maktgrepet her ikkje er utspekulert. Denne delen av låret, like over kneet, er staden lårmuskulatur lett svekkast. Ein god klinikar les kroppsstatus nett her.

No vil somme innvenda at dette er stygt sett for her sit ein mann som ikkje veit kor han skal gjera av lankane når lommene er i beknip og penn og forordningar er langt unna. Men nei, dette er eit maktgrep. Og det veit dei to grepa israelske sidemenn, bibelsk overlegne i det seremonielle: Lat slampen bli nyfødd på våre kne!

Politisk kroppsspråk kan skiljast i to: naturleg og tillærd. Slik Nato-debutanten dyttar seg framom Montenegros statsminister, har han alltid dytta seg fram. Men sanninga her er ikkje lett å sjå. Det er myldring og omvising i nytt Nato-bygg og US commander-in-chief leitar etter spinkle Jens Stoltenberg. Tha President is lost in a crowd! Men der er jo Jens! og klappar den forvilla statsmann lett på skulderbladet, mest som når ein glattar tøyet eller får fram den gode rapen hos baby boy, utan søl. Kor mange slike ‘pattings’ Jens implementerte, overlèt eg til finteljarane.

Det engelske ordet for klappestrykinga er interessant: ‘to pat’. Det ligg langt frå ‘to grab’. Hovudtydingane er: klappa, glatta og trippa. Jens meistrar alt dette (tillærd), for å unngå klemming jf. Giske-refleksen. Adjektivet ‘pat’ tyder ‘heilt rett’ eller på engelsk: ‘opportunely’ og ‘exactly suitable’. Tekstdømet i Cappelens Store engelsk-norsk er heilt ‘pat’: «I came just pat to be a godfather.»

Den framstrekte handa til forbundskanslar Angela Merkel som ikkje blir møtt og helst på, skjønar alle. Eller? Ti gonger hadde US first man bede om ein avtale dei i mellom. Og ti gonger hadde han blitt avvist og henvist til unionen av 28 land. Me damer har vel alle vifta neven for fjeset på menn som masar og masar og masar og masar og masar og masar og masar og masar og masar og masar. Kamera fanga ikkje opp vifterørsla, ingen såg fluga.

Her om dagen gjekk ein røsleg tobeint mann med ein hivert og to under vesten øst av Rådhusplassen i arabarbyen og ropte på fine damer ved busshaldeplassen. Kan det vera at den fingerferdige covfeféen har fått fyken?

Ingen kneip han. Her måler me BMI’en.

karinmoe1@gmail.com

Forfattar og litteraturkritikar Karin Moe kommenterer aktuelle saker frå sidelinja kvar måndag.

«Der er jo Jens! og klappar statsmannen lett på skulderbladet»

Artikkelen er oppdatert: 29. juni 2017 kl. 15.08

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk