- Storbritannia vart laurdag igjen ramma av terror, berre ei knapp veke etter at ein sjølvmordsbombar sprengde seg ved Manchester Arena. Laurdag kveld vart minst sju menneske drepne og rundt femti såra i angrepet på London Bridge og Borough Market i London. Fleire av dei skadde er kritisk såra. Dei tre terroristane brukte ein varebil til å drepe fotgjengarar, før dei gjekk til åtak på folk med knivar. Etter at angrepet vart varsla, gjekk det berre åtte minutt før dei tre terroristane vart drepne av politiet. Sjølv om identiteten og motiva til terroristane i går ikkje var kjent, har ekstremistgruppa IS hevda at dei står bak. Britiske muslimar, med London-borgarmeister Sadiq Khan i spissen, har tatt skarp avstand frå terroren.
Terrorfrykt
Leder