Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Porno: For 50 år sidan vart Jens Bjørneboe dømt etter pornoparagrafen for «Uten en tråd». Framleis lever frykta for den kvinnelege, seksuelle fantasien.

50 nyansar av frykt

Kontroversiell: Jens Bjørneboe fotografert heime hos seg sjølv i 1961. Foto: Aage Storløkken, Aktuell/SCANPIX

Skulebiblioteket på Voss gymnas var ikkje så stort, og ikkje så mykje brukt heller. Men ei grei samling norske klassikarar hadde det, og ikkje var det bemanna av ein langhalsa bibliotekar heller. Du kunne skli usedd gjennom døra til biblioteket, og lata fingeren gli langs bokryggane … Ba, Be, Bi, Bj … til du sto der med målet for besøket: Ei falma utgåve av Jens Bjørneboes «Uten en tråd». Lånekortet bakerst i permen var allereie fylt opp av namna til jentene som hadde vore der før deg, så for å få plass til ditt eige – for å skriva deg inn i dette løynde systerskapet – måtte du bruka baksida, med veldig lita skrift.