Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Afrika: Det er eit privilegium å kunne vere nyttelaus.

Merkelappane losnar

Bloggar: Litteraturforskaren Ainehi Edoro driv bloggen Brittle Paper. Foto: Daré Kumolu-Johnson

Chinua Achebes «Things Fall Apart» er framleis ei uomgjengeleg bok, som nører den afrikanske sjølvforståinga så vel som europeiske og amerikanske forsøk på å forstå både livet og litteraturen på det afrikanske kontinentet. Då litteraturforskaren Ainehi Edoro, som kjem frå Nigeria, men bur og arbeider i USA, nyleg heldt foredrag på Kunstnernes Hus i Oslo, sat det fleire i salen som fortalde at dei hadde fått romanen av foreldra sine tidleg i tenåra, som ein vegvisar til korleis det er å vere afrikansk i den moderne verda. På universitet i Europa og USA har ikkje boka berre blitt lese på litteraturvitskap, men også i historiske og samfunnsvitskaplege fag. «Things Fall Apart» er ein antropologisk klassikar av enorme dimensjonar, som viser oss korleis Afrika såg ut før og under kolonitida.