Klassekampen.no
Egenmelding:

Siste kulturoppleving: Ingrid Olava i Operaen og to lokale revyar her i Sogn og Fjordane.

Les dagleg: Eg held Klassekampen, Nationen og Firda.

Ditt lydspor: Leonard Cohen og visesong.

Førebilete: Folk som bryr seg og tek samfunns­ansvar.

Trur på: Det gode.

Politisk enkeltsak: Folkestyre og fellesskap.

Det verste du veit: Vondskap.

Kva folk ikkje veit om deg: Det aller meste, og det skal dei heller ikkje vite.

Bank, bank, bank. Når Steinar Ness snakkar, slår han knokane i bordflata for så å seie kvart ord som blir sagt. Alt er skikkeleg viktig. Alt handlar om noko som står på spel.

Kven er Steinar Ness, og kvifor meiner han så mykje? Steinar Ness er ein sauebonde i Viksdalen i Sunnfjord. Det er sant. Det som også er sant, er at Steinar Ness har vore strateg, spinndoktor og senterpartist gjennom tre tiår. Og får Senterpartiet eit resultat på line med dei målingane partiet no opplever, er Ness stortingsrepresentant til hausten. Han står på andreplass på Sogn og Fjordane-lista, bak Liv Signe Navarsete.

– Eg er som hogd i stein for dei som måtte ha urbane fordomar mot Sp-folk. Eg er oppvaksen på gard, blei med i 4H då eg var ti år, Noregs Bygdeungdomslag då eg var 14 og Senterungdomen då eg var 16. Stort verre kan det liksom ikkje bli.

Det seier Steinar Ness frå plassen i slagbenken på kjøkenet sitt. Familien Ness er definitivt ikkje herja av noko interiørhysteri. Kjøkenet er av det slaget ein på Oslo vest ville kalla «furuhelvete», bygd på nittitalet.

No står det blomar overalt. Familien har feira både femtiårsdag for kona Eli og konfirmasjon for ein av dei fire ungane. Og festen er ikkje over: Som seg hør og bør på Vestlandet, er det kake igjen til både journalist og fotograf.

Fakta:
Steinar Ness

Alder: 58 år.

Sivilstatus: Gift med Eli. Fire ungar.

Bakgrunn: Leiar i Senterungdomen, politisk rådgjevar, sekretariatsleiar, general­sekretær, lokalpolitikar og statssekretær for Senterpartiet. Sauebonde i Viksdalen.

Aktuell med: Sp-strateg som kan ryke inn på Stortinget til hausten.

25. september 1972 seier Noreg for fyrste gong nei til EF gjennom ei folkerøysting. Steinar Ness er 13 år og går på ungdomsskulen. Han hugsar det som si fyrste, store sak.

– Eg må innrømme at eg gjekk med eit sånt grønt jakkemerke med «Stem nei». Eg var ikkje aktiv, men eg blei dregen med. Eg var jo engasjert i det som skjedde omkring meg, og følgde debattane, seier Ness, og legg til:

– Om det er noko som særmerkjer meg, så er det vel at eg har lett for å engasjere meg.

Det siste er i alle fall ikkje fake news.

Og plutseleg er vegen kort inn i partipolitikken:

– Eg blei rekruttert til Senter­ungdomen og drog på mitt fyrste landsmøte på Gol i 1976.

Åtte år seinare skulle han bli leiar i ungdomspartiet. Eit talent på 22 år frå Skatval blei valt til nestleiaren hans. Ho kom frå Arnstad gard og heitte Marit.

1970-talet, ja. Dette tiåret av aktivisme og framtidstru. Steinar Ness blei teken av ei ideologisk bølgje han framleis surfar på.

– Senterungdomen var ein grøn­radikal organisasjon, vil eg seie. Vi fekk Hitra-aksjonen i 1975, som var ein protest mot utarminga av bygdene. Så kom heile Grønt gras-miljøet på universitetet, du hadde Hartvig Sætra med økopopulismen og Ottar Brox skreiv om utkantane …

Bank, bank, bank. Ness slår i bordet. Dette er viktig.

– Alle var ikkje aktive, det er ein myte. Men det var mykje engasjement, og dei som var aktive, var veldig aktive.

– Eg gjekk på distriktshøgskule i Volda, og som aktiv i Senterungdomen, var eg nærast ein høgreavvikar.

– Men det var òg ei tid der ein var oppteken av å gje sakene ein kjempa for ein høgare himmel?

– Det var nokre pilarar der. Det var folkestyre, fellesskap og dette med å forvalte naturen med tanke på ettertida.

Ness bur i det han omtaler som «ei bra bygd».

– Vi har barnehage, skule, samfunnshus, kyrkje og butikk med post og bank og kafé. Då vi måtte ha nytt butikkbygg, gjekk folk i bygda saman og danna eit aksjeselskap som heiter Viksdalen Butikkbygg AS. Det blei samla inn to og ein halv million i aksjekapital. Bygda er eigar og leiger ut bygget til ho som driv butikken. Om eg skulle hamne på Stortinget, må eg vel registrere aksjar. Mine aksjar er då i Viksdalen Butikkbygg, og så eig eg éin aksje i Det Norske Teatret og éin i Klassekampen. Eg hadde ein i Nationen, men den trur eg gjekk tapt i ein emisjon.

Heime har Ness eit enormt kart over Noreg av den typen du finn i klasserom over heile landet. Den aller beste måten å forstå kor langt landet vårt faktisk er på, er å reise Noreg på langs og tvers. Den nest beste er å sjå kartet.

– Dette burde hengje i alle møterom der framtida for Noreg blir diskutert, slår han fast.

Senterpartiet er eit temmeleg breitt parti. Her møter småbrukarar og oljedirektørar kvarandre. Steinar Ness identifiserer seg nok mest med dei fyrstnemnde.

– Det går for tida ein debatt der NHO og andre engasjerer seg i dette med velferdsprofitørar. Vi har eit godt norsk ord som heiter dugnad, og eit anna som heiter samvirke. Dei som ikkje forstår skilnaden mellom dugnad, samvirke og Sanitetskvinnenes gode hjartelag på den eine sida og kassaapparatet i eit fleirnasjonalt, børsnotert konsern på den andre, er enten udugelege eller uærlege. Eg er heilt sikker på at dei er uærlege, men om dei er udugelege, det skal eg ikkje ha sagt.

I 1985 var Ness ferdig som leiar av Senterungdomen, og no kunne han gjere hobbyen til fulltidsjobb gjennom ei stilling i rådgjevarkorpset til partiet på Stortinget.

– Stortinget var den gongen, og er i dag, veldig viktig for meg. Det er vårt fremste folkevalde organ. Dei har mandat frå folket til å fatte vedtak om lover, om fordeling av økonomiske midlar og til å gjere viktige vedtak for det norske folk.

Her fekk han arbeide i lag med Anne Enger, då også med etternamnet Lahnstein. Det gode samarbeidet byrja i 1985, men det var ikkje skrive i stjernene at det skulle bli slik.

– I 1983 var eg leiar av Senter­ungdomen og medlem av valnemnda i Senterpartiet. Då støtta eg ikkje henne som nestleiarkandidat i partiet, men det la vi fort bak oss. Noko av det som gjorde at eg fekk stor respekt for henne, var at ho var djerv og uredd.

I mars 1991 blei Anne Enger valt som partileiar i Senterpartiet.

– Ho var tydeleg, sette dagsorden for viktige debattar og var god til å fatte avgjerder. Eg blei spurt av henne om eg kunne tenkje meg å gå inn i stillinga som generalsekretær. Eg treivst eigentleg veldig godt i Stortinget, men når Anne kjem og spør om noko sånt, så må ein berre svare ja, då.

– 1994 er eit viktig år i mitt liv. Då sa Eli ja til meg om sommaren, og det norske folk sa nei til EU på hausten.

Steinar hadde møtt Eli nokre år tidlegare i bryllaupet til ein ven.

– Han hadde gløymt å spørje nokon om å gå fyrst i polonesen, så vi blei sett til å gjere det. Ho hadde bunad, kom frå Oppstryn og hadde bursdag 17. mai. Kva meir kan ein eigentleg be om?

Eit folkeleg nei til norsk EU-medlemskap om hausten, kanskje.

– Det var eit stort, stort privilegium å arbeide på det breie nei-laget. Noko av nøkkelen til suksessen var at ein klarte å kople akademia med gode grasrotarbeidarar. Vi var best på både kunnskap og deltaking.

– Er det det mest morosame du har arbeidd med politisk?

– Ja.

– Men forstod du kor mykje arbeid det kom til å bli?

– Nei.

I lokalvalet i 1991 gjorde Sp eit brakval og fekk 12 prosent. Då hadde partiet gått tilbake ved alle val sidan tidleg syttital.

– Det var fyrste gongen eg var med i Senterpartiet, og vi gjekk fram. Vi var heilt uførebudde på det.

Så skjedde det noko den sommaren, med SVs truverd som nei-parti og med Sps truverd som nei-parti. I 1989 fekk Senterpartiet 6,5 prosent. I 1993 fekk dei 16,7.

Og 28. november 1994 sa altså 52,2 prosent av det norske folk nei til EU. Aldri i norsk historie har fleire veljarar røysta for det same.

Ness var ikkje i Oslo Spektrum den kvelden.

– Eg sat på parti­kontoret saman med Anne Enger og vurderte og vurderte. Vi visste at dette blei intenst. Vi visste at det ville bli ei enorm merksemd på Anne og Gro. Vi måtte vurdere om vi skulle reise ned i Spektrum og berre ta det som det kom. Men Anne følte at det var så intenst at ho ikkje ville sitje der og kommentere slike løype­meldingar. Ettersom tida gjekk, blei det slik at vi ikkje kunne reise ned før vi visste sikkert kva som var resultatet.

På kontoret i Kristian Augusts gate sat Jarle Skjørestad, Anne Enger og Steinar Ness.

– Så reiste vi ned i Spektrum, og då tok det heilt laust. Anne kjem inn, og eg går fire meter bak med veska. Og så kjem Anne opp på den der scena. Det var ... det var ei utruleg stemning.

I 1997 blir det sentrumsregjering. Anne Enger blir kulturminister og visestatsminister, og Steinar Ness følgjer med til Kulturdepartementet som rådgjevar. Der blir han i to år og har stort sett ansvar for regjerings­saker meir enn for kulturlivet. I 1999 går Anne Enger av som partileiar. Då sluttar også Steinar Ness i politikken.

– Då går eg inn i farspermisjon, og så flyttar eg heim.

Dei to siste åra hadde han vekependla mellom Viksdalen og Oslo, men så var det slutt.

– Eg hadde eit og eit halvt år på overtid i Oslo.

Planen var å halde seg borte frå rikspolitikken. Men inn i manesjen kom det ein salskonsulent frå Tine ved namn Liv Signe Navarsete.

– Eg blei kjent med Liv Signe fyrst etter at eg flytta heim att til Sogn og Fjordane.

Ness har aldri hatt nokon råd­gjevarjobb for Navarsete, men står likevel som ein av dei viktigaste støttespelarane hennar frå leiartida.

– Summa summarum enda eg opp som ein viktig samtalepartnar. Det kan vere ting som står på – det blæs nordavind frå alle kantar – folk blir slitne.

Liv Signe Navarsete gjekk av våren 2014 under stormfulle tilhøve. Det var fyrst året etter, på landsmøtet i Haugesund, at ho blei takka av for sine seks år i partileiarstolen. I takketalen var det éin Navarsete trekte fram heilt spesielt: Steinar Ness. Dei to er medlemer av eit parti som gjerne går for å vere det mest pragmatiske på Stortinget. Det meste kan forhandlast om. I dette land­skapet vel gjerne desse to ei meir prinsipiell tilnærming til sakene.

– Vi har nok ei sterk verdi­orientering, og så har vi det til felles at vi bryr oss så grådig at vi identifiserer oss sterkt med dei folka vi arbeider for. Nokon meiner at ein må ha ein profesjonell distanse. Men eg meiner det er viktig å bry seg og tenkje over at dei vedtaka ein gjer eller ikkje gjer, har følgjer for liva og kvardagen til folk.

Og Steinar Ness ville bry seg. Også då Navarsete blei pressa til avgang:

– Ein partileiar er valt for ein tidsavgrensa periode. Det er legitimt i einkvar organisasjon å ha fleire kandidatar på eit landsmøte. Det må ein valt leiar tole. Det som skjedde med Liv Signe Navarsete, var at enkeltpersonar hadde funne ut at ho var ein dårleg leiar og stod i vegen for folk som kunne bli betre leiarar. Derfor vil ein svekkje partiets leiar for å bane vegen for andre kandidatar. Det synst eg er ein uakseptabel arbeidsmetode, og det skjedde ved hjelp av lekkasjar, anonyme innlegg og andre ting ein eigentleg ikkje kan verne seg mot. Svært mange tillits­valde og medlemer hadde ikkje innsyn i det som skjedde. Du kan ikkje svekkje ein leiar utan å svekkje eit parti, seier han, og legg til:

– Om ein kjem i den situasjonen at ein må gå med skjoldet på ryggen, blir det vanskeleg å vinne politiske slag.

Steinar Ness gjekk tungt inn i denne striden, og skulda folk for svertekampanjar for open scene.

– Korleis oppsummerer du di eiga rolle, sett i ettertid?

– Eg tok eit oppgjer med tre namngjevne enkeltpersonar, som eg meiner dreiv med politisk intrigemakeri på ein uakseptabel måte.

Ness meinte partiet måtte få kjennskap til det som skjedde.

– Eg er også kritisk til bruken av anonyme kjelder i pressa. I ein del tilfelle er pressa sjølve aktørar i staden for å avdekkje spel. Så vel eg å seie dette under fullt namn. Det har eg fått mykje kritikk for, men i all beskjedenheit er det òg med på å omdefinere litt dagsordenen. Det blir vanskelegare å gå vidare med anonyme kjelder. Er det karrierefremjande å gjere noko sånt? Nei, definitivt ikkje. Og så vil eg seie éin ting: Denne saka blei avslutta på lands­møtet i Senterpartiet 2015. Strek sett.

No har Steinar Ness vore sauebonde i 18 år.

– Korleis er det for eit menneske å gå frå toppolitikken til å vere sauebonde?

– Det er så ulikt som det kan få blitt. Eg har hatt eit stort privilegium. I motsetning til mange andre har eg kunna leve veldig ulike liv i ulike periodar. Eg har hatt 15 år i Oslo der veldig mykje handla om politikk. Så kom det til ein korsveg der eg valde Vestlandet, kjerring, ungar og sau. Det er eit verdival. Eg har aldri angra på det. På eit tidspunkt i livet forstod eg at ein ikkje får i både pose og sekk. Det blei eg litt klokare av: Når du vel noko, vel du bort noko anna.

Og kanskje var det like greitt.

– Dei fyrste åra etter at eg flytta heim, såg eg ikkje politiske debattar på tv. Dels fordi eg var lei, og dels fordi eg visste kva absolutt alle kom til å seie.

– Eg gjorde ein heiderleg innsats på tidleg 2000-tal for å slutte å bry meg. No ville eg vere Steinar. Eg ville leve av luft og natur og kjærleik.

Og så var han FAU-leiar og kommune­styrerepresentant, då.

Men korleis gjekk det med å planen om å ikkje engasjere seg så mykje?

– Vel, den kampen tapte eg. Engasjert var eg, engasjert er eg. Det får eg ikkje gjort noko med.

Til hausten går han kanskje frå FAU til Stortinget. Han kjem nok til å slå i bordet der òg.

jens.kihl@klassekampen.no

tomhenningb@klassekampen.no

Artikkelen er oppdatert: 20. juni 2017 kl. 12.41

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk