Klassekampen.no
Lørdag 3. juni 2017
Halvhjarta: Arne Garborg gjekk i frø under ordna forhold.
Han skjønar aldri at han må slutta med å vera slikt eit grådig gap.
Trætte Mænd

Ei av dei første vaksenbøkene eg las, var «Trætte Mænd» av Arne Garborg. Eg fann henne på skråloftet heime, og den sære tittelen oppvog motviljen mot det morkne omslaget og dei brunflekkete sidene. Det var sikkert ei av drivkreftene til at eg tok ei akademisk utdanning som i all hovudsak går ut på å visa respekt for menn som ikkje kan forstå «kvinnen», eller «Kvinden», som ho heiter i denne boka.

Lenge etter fann eg henne att inst inne i mi eiga bokhylle. No såg eg at det er andreopplaget av førsteutgåva av 1891. Nede i høgre hjørne har ein av dei yngre brørne til oldefar skrive namnet sitt med penn og blekk. Han er det nok òg som har laga den Munch-aktige blyantteikninga av ein hengd mann på det tome bladet heilt bakarst.

Det er ei av desse bøkene som syg deg inn frå første setning, med ein innsmigrande forteljar som langt på veg greier overtyda deg om at hans måte å sjå verda på er den einaste tenkjelege. Han heiter Gabriel Gram og er ein flott fyr i Kristiania, om enn litt på hell. Han spaserer arm i arm med Fanny Holmsen og er forelska fordi ho er vakker, og redd for å binda seg fordi han veit at ingen kan vera vakker alltid. Fanny går til grunne av kjærleikssorg og giftar seg med ein rik gamling, Gabriel går til grunne av kjærleikssorg og prøver å koma ovanpå igjen ved hjelp av filosofiske talemåtar.

I margen på side 153 har bror til oldefar skrive NB med fire strekar under attmed desse visdomsorda: «Manden er et latterligt Dyr. Han kan tæmme Lynet og regne ud Kometbaner; men beregne, hvordan man fanger en saadan en liden dum Fugl af et Pigebarn – – –»

Min yndlingspassasje er Gabriel i samtale med den prostituerte Mathilde: «Saa lo hun, slængte sit fednende Corpus henpaa mit Fang og klappede mig og sa: ‘Det er nok ikke alle, som er saa skikkelige som du, Kjukken min!’ –»

«Trætte Mænd» er ein roman full av sjølvironi, galgenhumor og samfunnssatire. Endåtil det sobre Rigsmaalet får ein krass dobbeltklang ved å bli nytta av ein radikal landsmålsforforfattar. Det er som om Arne Garborg stuper ned i ein tilsynelatande harmonisk åndstradisjon, og kjem skrikande opp igjen.

Likevel drøftar han aldri om det er det er noko samsvar mellom det Gabriel Gram liker å gjera, og det han ønskjer å oppnå. Det kjem aldri noko hint, verken frå bipersonane eller forfattaren, om at han må slutta med å vera slikt eit grådig gap og prøva å bli noko for andre.

Ytre sett er det lite felles mellom den sofistikerte hovudpersonen og den gløgge bondesonen frå Jæren som dikta han opp. Men det går ei kløyving tvers gjennom verket og langt inn i forfattaren. På den tida Arne Garborg skreiv «Trætte Mænd», var han passiv far til ein liten gut og halvhjarta gift med vakre Hulda, som skaffa han hus og mat, elska han og lytta til sytinga hans. Såleis kunne han gå i frø under ordna forhold, alt mens han leitte etter meininga med livet i dei pompøse flosklane til menn like bortkomne som han sjølv.

s.skjold@online.no

Ikkje søtt, ikkje surt, ikkje bittert – men salt. Solveig Aareskjold skriv om det ho sjølv vil i Klassekampen kvar laurdag.

«Det er nok ikke alle, som er saa skikkelige som du, Kjukken min!»

Artikkelen er oppdatert: 20. juni 2017 kl. 13.02

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk