Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Det finst to radikalt ulike variantar av ideologien nasjonalisme. Det er overlag viktig å sjå skilnaden mellom dei.

Kva slags nasjonalisme?

Ut frå marknadsliberalismen, som er ein dominerande ideologi, er nasjonalstaten forelda. All nasjonalisme blir dermed stempla som reaksjonær. Anti-nasjonalismen er marknadsført som progressiv. Samtidig ser det ut til at nasjonalstatar trengst for å halde ved lag eit minimum av velferd og demokratisk rettsstat. Slik sett kan det vere eit poeng i å tenke over «nasjonalismeproblemet». Siktemålet i dette skriftstykket er å gjere merksam på visse moment eller nyansar som høyrer med i ei forståing av kva nasjonalisme inneber.