Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Det er på tide at venstresida tar gutane sitt parti i omskjeringsdebatten.

Barnas beste?

Alternativ: Fleire jødar og muslimar krev sjølve ei tolking av religionen som ikkje inneber omskjering, skriv Anne Kalvig. Her frå ein jødisk brit shalom, ei velsigning uten omskjering, i Canada. Foto: beyondthebris.com

«Barnets beste» er eit uttrykk som går igjen i norsk og internasjonal lovgjeving. Barn har krav på eit særleg vern fordi dei er umodne, sårbare og avhengige av vaksne. FNs Barnekonvensjon, ratifisert av Norge, krev at staten skal treffa alle effektive og eigna tiltak for å avskaffa religiøs og tradisjonell praksis som skadar barns helse. Lovverket skal sikra barns rett til eit liv utan vold, overgrep og mangel på helsehjelp, og staten er forplikta til å gje barn trusfridom.