Du kan bla til neste sideBla med piltastene

I 1963 var Haakon Lie og Einar Gerhardsen eit tomannsvelde. Fire år seinare gjekk dei i strupen på kvarandre. Kvifor?

«Faen ingen søndagsskole»

Denne våren er det 50 år sidan tidlegare statsminister og landsfader, Einar Gerhardsen, gjekk til åtak på sin partifelle og kampbror gjennom fleire tiår, partisekretær Haakon Lie. Det skjedde på Arbeidarpartiets landsmøte i mai 1967 – i Vietnamkrigens tid og med eit Ap i opposisjon etter valnederlaget i 1965. Truleg er det dette personåtaket som vert hugsa frå det dramatiske landsmøtet.