Du kan bla til neste sideBla med piltastene

- Å legga ned Økokrim er draumen til ei kvar konservativ regjering, seier Eva Joly:

Fryktar slakt av Økokrim

KRITISK: Eva Joly, som på 1990-talet var forhøyrsdommar under den franske statsadvokaten i Elf-saka, er kritisk til å slå saman Økokrim og Kripos. Ho trur det vil gå ut over etterforskinga av økonomisk kriminalitet i Norge.

FORSVAR: Eva Joly åtvarar norske politikarar mot å slå saman Økokrim og Kripos. Ho fryktar narko, menneskehandel og drap vil trumfa økonomisk kriminalitet.

– Dette minner meg om då Nicolas Sarkozy (tidlegare fransk president, red. merk.) kom til makta. Då uttalte han at ein burde avskaffe all etterforsking på økonomisk kriminalitet fordi det ikkje var «businessvenleg». Å avskaffa Økokrim er alle konservative regjeringars draum, seier Eva Joly.