Klassekampen.no
Lørdag 27. mai 2017
8illustrasjon: Knut Løvås, knutlvas@gmail.com
Førstelinja blir for fjern i distrikta.
Når folket ikkje blir høyrt, forvitrar demokratiets sjel

Uroa rundt kommunesaman­slåingar, regionreformer og annan sentraliseringsiver kjem lite overraskande på ein farande foredragshaldar som meg, som den siste mannsalderen har vore på ein slags never ending tour med bøkene mine i vårt langstrekte land. Der ute, i folkedjupet, har det lenge rådd mykje mistillit til sentralmakta, blanda med irritasjon og resignasjon.

Kva er vitsen med folkeavrøystingar dersom dei ikkje blir respekterte? Kva er vitsen med lokale diskusjonar og vedtak dersom utfallet av avgjerdsprosessen blir det motsette av det fleirtalet vil?

Derfor har folk i fleire tiår gått i fakkeltog for akuttmottak og fødestuer. Derfor kjenner folk i lokalsamfunna at dei har tapt noko når vegen til og frå det nye politikammeret blir altfor lang, når posten ikkje kjem på laurdag, og når presten og psykologen har flytta til ein annan stad, og når det blir lang veg til helsehjelp.

Førstelinja hamnar for langt unna. Å få møte menneske av kjøt og blod som kan høyre på deg og handle når du treng hjelp, er blitt stadig vanskelegare å få til.

Den reforma som uroar mest der ute, er likevel det eg vil kalle demokratireforma, som ingen offentleg instans har proklamert, men som blir prøvd sett ut i livet heile tida. Det er den tankemåten som går ut på at regjering og storting har rett og plikt til å ta avgjerder når folket ikkje forstår sitt eige beste.

For å ha demokratiet må ein ha mindre demokrati. For demokratiet er verdiane våre, blir det sagt no, og da må vi sentralisere og reorganisere så vi kan forsvara dei enda betre.

Men demokratiet, som gjennom ei hundreårig utvikling vart styreforma i Norge, er ikkje edle mål og gode verdiar, men ei folkeleg forankra styreform som litt etter litt kunne bli ein realitet fordi dei som levde i landet, slutta å oppleva seg sjølve som undersåttar under ein konge og hans embetsmenn, og tok til å oppfatte seg sjølve som likeverdige borgarar, med rett til å ha ei meining og bli høyrde.

Sjølv om kampen for allmenn stemmerett for menn tok mange tiår, og striden for kvinneleg stemmerett tok enda lenger tid, var det utfattige og føydale Norge litt etter litt endevendt og omdanna gjennom ein deltakarprosess der stadig nye grupper vart dregne inn. Denne prosessen nådde aldri heilt fram. Det har alltid vore grupper som stod utanfor.

Det nye er at prosessen ser ut til å ha stagnert, eller til og med blitt reversert, som det heiter med eit anna populært ord.

Den skulen som skapte demokratiet, var ikkje eit reformtiltak som kom utanfrå. Den danna folket på ein måte sjølve. Dei haugianske vennesamfunna gav vanlege menneske både sjølvtillit og forsamlingstrening, og litt etter litt kunne det kommunale demokratiet bli til.

I første omgang vart presten ordførar, men litt etter litt tok bøndene over klubba, så kom arbeidarane med. Gjennom kommunestyre og formannskap lærte vanlege menneske seg til å ta ordet, argumentere, diskutere, gjera vedtak og setta dei ut i livet. Dei lærte demokrati og møteskikk i dei frilynde ungdomslaga, mållaga, kvinnesaksforeiningane og arbeidarsamfunna.

Dei politiske partia kunne oppstå, og endeleg kom organiseringa rundt kamp for åttetimarsdagen og oppbygginga av den mektige fagorganisasjonen som gav styrke til kampen for den velferdsstaten som vi no nyt fruktene av.

Kvar er vi på veg no?

I ein artikkel i Syn og Segn nr. 1, 2017 skriv statsvitaren professor emeritus Harald Baldersheim at ein stort segment av veljarane i dag er heilt fråkopla lokalpolitikken. Dei oppfattar lokaldemokratiet som eit sekundærdemokrati der det har lite å seia om ein engasjerer seg eller ikkje, sidan avgjerda like fullt blir tatt ein heilt annan stad.

Baldersheim har framlegg som tar sikte på å løyse konflikten som oppstår mellom behovet for større einingar og ei nærverande førstelinje. Han rosar det interkommunale samarbeidet, som har vore ein stor suksess, trass i at det har fått ry for det motsette.

Enda viktigare er framlegget hans om at reformarbeidet må byrja med oppgåvene. I staden for å slå saman kommunar, må ein la fylkeskommunen, eller dei nye regionane, ta over dei oppgåvene som kommunane er for små til å kunne løyse på ein tilfredsstillande måte.

Det er eit utruleg enkelt og stillferdig innspel, i forskarens stillferdige språk, eit råd som kunne ha dempa kommunesaman-slåingspetakkelet, som har skapt ei betydeleg tillitskrise og mange harde frontar i det norske samfunnet, ei ufruktbar krangling som heilt sikkert vil halde fram også etter kommunevalet til hausten.

Ein ting er eg sikker på: Tvangssamanslåing kan føre lokaldemokratiet inn i ei enda djupare krise. Denne skrivaren er på ingen måte sikker på at kommunesamanslåingar alltid er av det vonde. Rett som det er, kan eg bli usamd med folket. Det er ikkje mitt standpunkt at alt i alle samanhengar må vera slik det var før.

Men folkemeininga må respekterast, elles er det noko viktig som går tapt. Den er sjølve sjela i demokratiet.

Artikkelen er oppdatert: 20. juni 2017 kl. 12.37

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk